Kjekt med nye impulsar. Ny by, nytt språk, ny kultur.
Somme ting var høgt prioriterte. Louvre og La Droguerie låg i same området. Supert!
Souvenirar skal minne ein om turen, ikkje sant? Eg handla mine på La Droguerie.
Veldig greit med ein irsk pub som næraste nabo også, for den som ventar.
Visst såg me Mona Lisa. Der var også mykje anna spennande. Mannen var uvanleg tolmodig, så eg fekk sett både tekstilar, gull og små artige figurar i Denon-fløyen.
Eit lyssterkt objektiv var veldig kjekt å ha der det var blitzforbod.
For meg er det ofte detaljane i ting som er mest spennande, så me hadde nokre diskusjonar om foto -
- og vart vel enige om å vere uenige. Fotoveske i sekken, og hyppige skift av objektiv. Kompromiss.
Sjå berre på det vakre smijernet på dørene i Notre Dame,
rosene i taket på Triumfbogen
englane
og dei stolte krigarane.
Utsikta til den same bogen i enden av Champs Elysees i solnedgang er no ikkje så verst, den heller.
Me må nok attende hit.
