Det gjorde godt med ein bytur i skuleferien. Husfliden hadde meir Rauma finull til restegarnsjakka med sauer på. Så blir det ikkje heilt 100% restegarnsprosjekt, men om jakka endar opp med å vege meir enn 250 gram, så minkar iallefall lageret. Eg strikkar den største størrelsen, ekstra lang, så det blir nok eit minusprosjekt trass i nykjøpet.

Finull er forresten ikkje det det var. Etter å ha strikka litt, sjekke eg bandet på den nye bunten. Garnet kjendest ikkje heilt likt. Dei gamle buntane mine har 165 m på 50 gram, medan dei nye har 175. Det kan også kjennast som garnet har litt meir tvinn no. Ok – slik er det berre. Ting endrar seg på 20 år.

Når ein fyrst er på ein slik butikk, så er det lett å late seg freiste til ekstrakjøp.

Og når me er inne på lekre garn: har du sett garna til Jared Flood?
Han er veldig bevisst på å bruke amerikansk ull, Targhee-Columbia, til dette garnet som er spunne av Harrisville Designs i USA.
Eg har sikla på det sidan det kom på marknaden fordi fargane er så lekre – melerte, og passe sterke. Det meste av det Flood driv med, er lekkert. Så er det dette med pris, då. $14,50 for 50 gram er ganske mykje. Sjølv med låg dollarkurs blir det nesten 90 kroner.
Husfliden hadde det melerte Ask-garnet frå Hillesvåg ullvarefabrikk, og det var endå vakrare enn det ser ut på nettsida deira. Det ser ut til å vere norsk ull, kardegarn som Loft-garnet er – men tjukkare. Same strikkefastheit som finullgarnet, slik omtrent.
Prisen? 74 kroner - for 100 gram.
Hmm – kanskje ein skulle legge inn ein liten avstikkar til Hjelmås på neste bytur –.