Ja, eg lovte vel både den eine og den andre å kome sterkt attende med foto frå utstillinga vår. Dette blir eit langt innlegg – men det er mest foto, så det går vel bra?
Den vart omtalt i lokalavisa - etter sterkt påtrykk på vakthavande journalist. Ikkje nok å tipse der, nei – eller invitere. Veldig klar beskjed måtte til.
Når ein ikkje har korkje idrett, og då helst fotball, eller noko som helst om konflikter eller nedgangstider å by på, så er det vel ikkje vidare spennande stoff. Litt rart, då, at det vart ei fyrsteside utav det då artikkelen var skriven.
Me har fått i oppgåve å levere ein quilt frå Lærdal husflidslag saman med våre, når me leverer neste ladning til “Tepper til glede-aksjonen”. Den har slike stjerneblokker som denne her. Fleire av medlemmane sydde maken på ei sy-saman-helg i haust. Har du lyst til å prøve deg, så ligg det ei veldig grei oppskrift på flygande gjess utan svinn her. Dei dannar blada i åttebladrosa – eller stjernespissane – alt ettersom ein ser det.
Her ser du to til av dei. Flotte, ikkje sant?
Me ville vise fram kva me leverer til Haukeland, men også kva me ellers driv med. Jule- og påsketing, og vesker, er alltid aktuelle.
Der er ikkje så mykje veggplass, men det løyste me med å bruke stolar til slumreteppa.
Her er eit foto av heile froskedammen min. Stoffet hadde eg kjøpt på Quilter’s Paradise fyrste gomgen eg var i København, og det låg lenge i hylla medan eg grubla på korleis eg skulle få brukt det utan å lage”froskemos” og kappe dei i bitar. Dette vart løysinga. No er det kanskje ikkje så aktuelt med knallfargar som det var for nokre år sidan – men eg er likevel godt nøgd med det ferdige resultatet, eg. Det måler ca 80x80 cm.
Det vart nokre foto med portrettobjektiv på slutten. Quilting er veldig spennande på nært hald, også.
Damene på biblioteket har funne fram mange aktuelle bøker, og stilt desse ut saman med quiltane. Godt samarbeid!
No er me litt spente på om det er fleire som har lyst til å sy saman med oss – gjerne nokon som er litt yngre, også.
