søndag 28. mars 2010

Det knoppar seg

I hagen stolar eg på at det går av seg sjølv no som snøen er vekke.

rabarbraknopp

Rabarbraen er i rute.

Magnolia

Magnoliaen var nykomar i fjor sommar. Det ser ut som den har klart vinteren vår.

 Tulipan

Souveniren frå dei mange timane på Schiphol etter Festival of Quilts i fjor haust blir veldig spennande.

Men det einaste som er viktig akkurat no, er at picot’ane knoppar seg.

Stolpe og linning nesten klare

Stolpe og halslinning er ferdig “knoppa”, no står berre ermelinningane att.

Mamma har meir enn godkjent arbeidet, så då kan eg vere godt nøgd.

I går gjekk  dagen til å levere konfirmanten på flyplassen, litt handling i nabobygda, feiring av ei 85 år gamal tante – og vipps så var kvelden der. I dag er det nye timar til arbeid.

Eg skulle visst ha avslutta halslinninga med halve roser på begge sider – men det vil eg ikkje. Bunadpolitiet får heller kome og yppe seg – om dei torer. Då reknar eg med dei er forskriftsmessig ikledde passande hovudplagg!

lørdag 20. mars 2010

Nokre steg nærare mål

Åttebladrosene er ferdige, 41 i talet. Stolpe, halslinning og mansjettar.

Alle roser ferdige

Då er det berre att litt holbeinsaum – og picotkant.

 rose på rose

Me har fått mykje meir dagslys, men jammen er det godt å ha ei Ott Lite stålampe no – og gode lydbøker.

lørdag 13. mars 2010

Vaske vindauge

Jammen vart det kveldsmørkt denne dagen også – og vindauga er like skitne etter vinteren.

Eg ynskjer meg ein slik innretning som danskebåten har – som rasar rundt på utsida og ordnar opp i sakene.

Det kunne dei visst hatt stor nytte av andre stader også.

Ein morgon på Doha Marriott, såg eg desse karane i arbeid:

Sjølvsagt måtte eg finne ein fotovinkel som gav meir perspektiv:

Det såg ut som dei var godt sikra:

Men likevel: ein luftig jobb for hardhausar!

Trygt nede på bakken stod ein kar i pen, kvit skjorte med fancy mobil. Han bad meg “move away from there, madam. You’ll get hurt if something falls down.” “Something?” spurde eg. Han berre såg på meg.