onsdag 20. oktober 2010

Gibort (giveaway)

Berre 11 dagar igjen til eittårsdag!
Det må feirast, for dette har vore eit kjekt år.
Eg har oppdaga at maskemarkørar er kjekke å ha – dei held orden i spøtet, og så kan dei vere som små smykke. Mona Mono solgte meg nokre fine for ei stund sidan.

Krystall, ametyst og sølv
Desse, som er av eigen produksjon, er no verkeleg små smykke – i sølv, krystall og ametyst. Det er snart julemessetid i husflidslaget, og desse her er veldig hemmelege, altså.

Mamma held alltid korta tett til bringa i vekene før messa, og i år er eg visst smitta av henne. Så hysssj!
Har du lyst til å vere med på trekninga, så legg igjen ein kommentar til dette innlegget.
1. november trekker eg.

My first anniversary in Bloglandia is coming up soon.
That calls for a celebration, don't you agree?

As I have just discovered the blessings of stitchmarkers - proper, pretty stichmarkers, not the tacky plastic ones - I will be happy to share. The set pictured above is made from silver, crystal and amethyst. I am in the process of making some more of these, as our crafts guild's annual fair is coming up. I am very secretive about them, so don't tell anyone.

If you would like to be in the draw, just leave me a comment below.

I will be drawing a winner on the very first day of November.

Nessie

 

Nessie on the needles

Julia Zahle er ei dansk dame med designtalent. No er ikkje mønsteret hennar eigentleg eit mønster, meir ei rask skisse i beste Elizabeth Zimmermann-ånd. Bloggen hennar er verdt ei vitjing. Iallefall skal ho ha all ære for kreasjonen her.

Julia Zahle is a talented Danish knitter/designer and blogger. Her pattern is more of a Zimmermann sketch than an actual pattern, and unfortunately in Danish only – for the time being, at least. Do visit her blog for gorgeous photos of her versions of this shawl. She has a wonderful handspun version in vibrant colours.

Nessie1

Eg hadde ein bunt Kauni liggande, og slik vart det.

Two very different versions, the top is from a ball of Kauni, the bottom one is a mohair/silk blend.

Nessie2c

Ein blanding av mohair og silke gav eit heilt anna uttrykk.

Nessie2b

Måten det er strikka på, gjer at det krøllar seg  - nesten som ein sjøorm.

Snart er det jsalgsmesse i husflidslaget. Går dei ikkje der, så har eg fine julegåver.

Our annual crafts fair is coming up. If I don’t sell these two, I am left with two pretty Christmas gifts.

søndag 17. oktober 2010

Broken English

Det er slemt å gjere narr, eg veit det.
Likevel, eg blir så fnisete kvar gong eg tek ferja over fjorden, at eg må dele:

It has been there for years, and still makes me giggle a bit every time I enter the older ferries to cross the fjord. Our newest ferry has a boring one – with perfect wording.

No har eg hatt nokre turar att og fram siste vekene, og ryggen kranglar nesten ikkje.
Kva skulle eg gjort utan kiropraktor?

Nyaste ferja på sambandet har forresten eit skilt på uklanderleg engelsk. Litt kjedeleg, eigentleg.