mandag 28. desember 2009

Den kjæraste julepynten

Fyrste gongen eg opplevde førjulstida i England, midt på åttitalet, var eit sjokk for ein husflidar som meg.

“Plastic fantastic”, og ei uendeleg rekkje fuktige dagar og kveldar. Heimlengten tok meg ekstra hardt denne tida.

Så, ein søndag, tok eg og ei god venninne toget til Huddersfield, for der skulle det vere gamaldags julemarknad. Det var det! Den eine boden baud på gamaldags halmpynt – slett ikkje rimeleg, men fantastisk flott. Ein ting unte eg meg, og den blei min stille protest mot all plasten og glitteret.

 

halmpynt

 

Sjølvsagt vart den med heim på flyttelasset, og neste år feirar me 25 år saman. Med godt stell skal me nok klare 50 også,  eg og halmpynten min.

2 kommentarer:

BenteOO sa...

Håpar du let den henge til eg kjem på vitjing for å smake på baksten...

merete sa...

Ja, photoshop elements er vedt hver krone, spesielt etter at jeg fulgte nettkurs hos jessica spraque :-)

Her står mest en telelinse på ønskelista, men det har kanskje noe med hvor fornøyd jeg er med nærbilder linsa jeg har, gir meg?

Godt nytt år til deg og dine!