Her skal feirast konfirmasjon til våren.
Sjølv om konfirmanten vel det minst tradisjonelle løpet, så blir det veldig tradisjonell finstas. Som eldste jentebarnebarn, har ho fått overta mormor sin bunad.
Den er komplett med grøn silkeskjorte, noko som kun skal brukast av godt vaksne sognedamer, og slett ikkje av konfirmantar. Dermed må jenta få ny kvit skjorte.
Det er ingen veg utanom, no må jobben gjerast:
Starten er litt famlande, for det er lenge mellom kvar gong eg broderer korssting.
Så får heller mitt eige skjorteprosjekt ligge litt lenger på vent. Eg har silkeskjorte, men kan godt tenkje meg ei kvit også, etter at mi eiga konfirmantskjorte krympa så gale i skåpet.
Det var gøy å sy smøyg – no er det ein del holbeinsaum som står igjen. Dette syr eg på skjortelin, så det krevst både konsentrasjon og godt lys.
Tolmod kjem også godt med. Premien blir ei sjeldan vakker skjorte – ein dag.
Draumen er å sy meg den rekonstruerte drakten, så kan konfirmanten etter kvart overta bunaden eg har no, om hennar skulle krympe i skåpet.

3 kommentarer:
Slike bilete aukar lysta til å brodere -! Blei minna på at no er den staute sonen min utvaksen - og eg har visst lova å syte for ein Fanabunad... Neste onsdag er det sauming av herrebunad som er tema på kveldsøkta på Heibergske på Kaupanger - eg hadde tenkt meg dit også!
Eg synest også vel om den rekonstruerte!
Nydelig arbeid Marianne. Lykke til videre. Vi får heie på hverandre i skjortesaumen.
Herlig arbeid. Utrolig og den tar egentlig pusten fra meg det er så nydelig. Perfekt.
Legg inn en kommentar