onsdag 23. juni 2010

Endeleg heime

Eldrid skreiv om sin heimkomne her om dagen, så den var venta.

Spring Thaw 1

Den vesle A4-saken har vore på langtur: England, Danmark, Sverige, Island, Finland, Tyskland, Nederland, Frankrike, Ungarn, Belgia, Spania, Sveits, Luxemburg, Irland, Norge, Italia, Østerrike, og no sist i San Francisco på Norway Day Festival 2010.

Det var gøy å sjå den på veggen i Birmingham i 2007, og gøy er det å vite at den har vore på så lang reise.

Spring Thaw 2

Og så er den jo ein av tre. Temaet var “Mitt land”, og mine handlar om vatn. Vestland.

Spring Thaw 3

Foto frå elva Utla før og etter vårløysinga.

tre samla

A4 er eit godt format å jobbe i. Eg fortel meg sjølv at det er prøvelappar eg lagar, og då er terskelen senka. Ingen ting er skummelt når det heiter prøvelapp.                   

4 kommentarer:

BenteOO sa...

Retteleg "augesnop" er dei alle!
Likar naturlegvis "prøvelapp"-ordet - eg har brukt "gryteklut"-ordet om det same - men får ofte eit forklaringsproblem...
- men vakker augesnop!

MyC design sa...

Hei og tusen takk for hyggelig kommentar på bloggen min. Artig å finne nye blogger. Her var det mye fint. Ser du kaller deg perfeksjonist, kan vel ikke si det samme om meg :0) Ha en fin sommer!

Timotei sa...

Å, så fine! Som små kunstverk!

Sølvis blog sa...

Så gøy å vite at "prøvelappen" din har vært verden rundt. Skikkelig flotte er de alle tre.