Ja, det må jo til – ein må “kna” ideane sine litt, stryke litt på garna sine – slik ein gjer med stoffa sine, og fabulere om kva det kan bli.
Det finst enno att litt av dette – trur det heiter Monty. Lett, luftig, og veldig mjukt. Sikkert snart 30 år gamalt.
Fyrste bunten er sjølvspunne av tussah-silke. Dei andre er restar av Rowan-garn i ull, silke og blandingar av desse. Takka vere eit romsleg stipend frå Gudbrandsdalens Ullvarefabrikk, kunne eg fråtse i slikt flott garn til eit stort prosjekt ein gong sist på 80-talet.
Så er det garn av nyare dato, og lilla er jo aktuelt.
Og det er viktig å late seg inspirere. Svenske tant kofta er ein god blogg. Tenkte eg skulle prøve hennar måte å strikke jakke på, ovanfrå og ned. Mange har prøvd seg på det før.
- og sidan lilla er aktuelt, så kan ein jo handle inn litt meir, i ein enno penare lilla. Det måtte vaskast før bruk, men ser ut til å vere verdt det. Takk for tipset, Pinneguri.
og medan neste prosjekt modnar, så er det grei at fingrane går av seg sjølv i enkle, kjappe ting som desse. Dei skal snart avgarde hit. Kanskje har du også tid til eit par slike?
Av og til er engelsk så mykje betre til å uttrykke ting enn norsk:
Chemo cap høyrest iallefall mykje betre ut enn cellegiftlue.
Mønster på den med “blondekant” finn du hjå Debonnaire.
Men HJELP: kva er det som skjer med ekstra”luft” når eg skifter foto i header’en min?Kanskje hadde det gått an å fått hjelp til å fjerne “boksen” rundt heilt?
5 timar seinare:
YESS! Den som berre fiklar nok, får det til. No er også header’en rein og fin, utan rammer som forstyrrar heilheita mi. Eg har fikla siste timen.

2 kommentarer:
Ja, det er klart, garn og stoffer må tas på og luktes på innimellom mens en planlegger hva de skal brukes til...
Stilige solhatter du viser under her!
Å, alt det nydelege garnet...augesnop! :)
Legg inn en kommentar