torsdag 16. september 2010

Omvendt mystery

Mystery er veldig gøy, men omvendt mystery er minst like gøy for meg.
Altså: syr du mystery, så syr du etter andre sine instruksar, og veit ikkje kva resultatet blir før til slutt. Ein del av moroa er å løyse gåta før løysinga blir publisert. Slik som med kryssord.
Bonnie-layout på høgkant
Så har du det omvendte: du ser eit bilde av eit flott prosjekt, og skjønnar at det finst ein smart måte å sy dette på – som med disappearing ninepatch.
Du grublar og teiknar, måler og reknar, og kanskje løyser du det. Slik var det då Valori Wells kom med boka “Radiant New York Beauties”. Eg hadde sett eit foto av ei blokk før boka var ute, og fekk ikkje fred før eg hadde løysinga. kjøpte eg boka for å sjekke fasiten!
No heitte utfordringa mi Bento Box – iallefall heiter  visst mønsteret det. Men eg treng ikkje fasiten denne gongen. Eg har funne ein smart måte – som passar akkurat til 2,5” remser:

Sett saman to og to remser med god kontrast. Småmønstra blir best. Legg dei to remsene i settet oppå kvarandre, med midtbretten på plass, og skjær av 6,5” i enden der opninga er (jarekantane var).
Du får fire bitar på 2,5” x 6,5”.
Bento 1
Resten av dei to remsene syr du saman på langs, standard 1/4” saumrom. Press, åpne, og press igjen.
Skjær slik av denne remsa: 4stk på 2,5”
Bento 2
og fire stk på 4,5”. Ser du kor fint dei vil passe saman?
Bento 3
Sy saumen mellom dei.
Bento 4
- så vil den siste biten også passe.
Bento blokk
Slik ser blokka ut – nesten som 1/4 log cabin blokk. Du får to slike, og to med motsette fargar, av to remser i heil breidde. Og så får du brukt opp heile remser.
Bento 7
Når du har mange nok, kan du leike med layout. Eg kunne med fordel hatt større lys/mørk kontrast i nokre blokker, ser eg.
Bento 6
Og det går fort, for du syr jo ikkje ei og ei blokk, men fresar mange etter kvarandre i serie mellom turane til strykebrettet.
Stoffa er ein Jelly Roll i serien Clementine, designa av “Me and my Sister”.
Og namnet?
Bento box
Slik ser ein bentobox ut – bildet er lånt frå ein norsk forhandlar.

2 kommentarer:

Gudveig HN sa...

Smart! En god ide som jeg kanskje prøver meg på en gang...
Takk for tips/kurs :-)

Knutine sa...

Oi...når jeg ser dine lapper så får jeg lyst til å lage noe..
Det er 8 år siden sist jeg laget
et teppe!!

Ha en flott uke,og takk for titten;-))

Mvh Wenche