Maskemarkørane er komne til Lærdal, og skal freiste tilværet der nokre messedagar før jul. Det har sine fordeler å vere multimedlem i husflidslaga.
Det vart siste turen med kompisen før vinteren, då eg leverte dei. Kjølig, men flott tur.
Eg har ikkje heilt klart å sleppe dette med perler, og gjekk til innkjøp av perler til strikking på laurdag. Desse har store hól, slik at det skal gå an å træ dei på garnet. Det finst mykje flott på Ravelry – eg er i tenkeboksen enno. No er dei iallefall i hus.
Så var eg innom ein snartur i Lærdal sist fredag, og leverte nokre hovudplagg. Det er heilt annleis å lage chemo caps når du kjenner mottakar.
Easy cap frå Debonnaire i litt omarbeidd versjon er under arbeid her. Alpakka luner så godt.
Ein liten kalott som står godt til nydelege blå auge.
Og så vart det ein tjukk, god fleecehatt til utebruk. Hattesaum er gøy!

1 kommentar:
Den strikka alpakkahua er ein nytelse å ha som innehue - den er mjuk og luftig og varm og god!
Den blå med blome og insekt vart nytta på søndagsspaserturen - det var mildt nok i går ettermiddag til å lufte den!
Den grøne i dobbel fleece har eg nytta elles når eg har vore ute i frisk kald vinterluft fredagskvelden, laurdag og idag - den er nok akkurat så varm som det trengs... - og den kan dragast langt ned!
Du har så absolutt gjort meg vakrare og blidare!
Tusen takk!!!
Legg inn en kommentar