onsdag 1. desember 2010

Advent

Ja ja – så vart eg for sein. Fotograferinga var gjort, baksten er komen i frysaren – og så vart eg for sein med blogginga. Hanne og May Britt har alt trekt vinnarane av bakstekledemønstera sine. Æææææsj!

Eg kan no blogge det likevel, eg:

Baksteklede

Eg er så heldig at mamma har same interesse som meg. Då eg viste henne Jorid sine fine stitcherymønstre, så draup det eit baksteklede på meg også. Ho plukka nok det mønsteret som passar best til meg.

Bakst Bakst2

Dagens bakst var grove rundstykke til nistemat. Her er både ein dæsj heil kveite, solsikkefrø, sesamfrø og linfrø, havrekli og sammalt rug – på ein slump.

Eg har fått meir fint av mamma:

Adventsstjerner Adventsstjerner2

Adventsløparar, og ein applikert kalender:

Kalender

Her i huset er det ikkje jul enno, nemleg. Det er advent, og me ventar. Her slepp ikkje ein nisse fram før siste helga oppunder jul.

Her er lilla lys, lilla løparar, og ikkje ei julestjerne i sikte. Ingen blinkande nissar på ytterveggen, ingen diodelys på verandarekkverk, og ingen julekalender. Adventskalender, derimot – det har me. Mamma har laga den også.

Engleløpar Engleløpar3

Engleløpar2

Litt englar kan til naud få sleppe fram. Denne løparen er trykt av den mest eventyrlystne av damene i husflidslaget. Eg har brodert litt gullstjerner, og fresa rundt nokre gonger med lilla tråd.

Er den ikkje sjarmerande?

1 kommentar:

Sølvis blog sa...

Synd du ble for sein, men bra for meg. Men du har nå ett kjempefint baksteklede så vidt jeg kan se da, og de rundstykkene ser nå bare knallgode ut.