Ei lita veke til no, så skal me skimte sola inn vindauga. Førebels er det fint vinterlys ute – og kjølig.
Eg tok med favorittvottane og kameraet, godt kledd i ullstilongs og dunjakke, og prøvde å fange litt frost.
Slett ikkje enkelt å halde stille nok.
Nokre av dei flotte krystallane vart då med.
No sit eg og kjenner på at –10oC framleis er grensa mi for å vere ute noko større. Det er kaldare enn det i dag. Kanskje på tide å investere i ei maske.
Ryggen er betre – er igang att med forsiktig trening på Gold’s. Kjernemuskulatur og kondis. Små steg.

2 kommentarer:
Kjempe fine vottar. Stilige bilder og. Så må du ha god betring med ryggen.
Fantastiske frostbilder; skulle ønske kulda var like vakker her! Må visst ut og zoome litt.
Legg inn en kommentar