Akkurat når det begynnar å bli travelt med syprosjektet eg har på gang, så legg eg opp til ein strikkejakke.
I vekevis har eg ruga på både det eine og det andre prosjektet, og brått er eg i gang. Sjølvsagt har eg også bestemt meg for å endre treningsprogrammet mitt akkurat no.
Og frisørskiftet som eg har tenkt på siste året, skjedde brått i går. Omlag 25 cm av lengda låg att på golvet, og enno har eg skulderlangt hår. Det ser bra ut.
Ikkje heilt enkelt å fotografere svart trikot – heller ikkje å fotoshoppe det etterpå. Iallefall: stoffet er heilt svart, og trykka meir intense.
her er fronten på ein kjole til meg. Teksten er trykt med stofftrykkfarge, resten med Decolorant plus. Eg har brukt thermofaxrammer, og synest dei blei supre.
i mangel på stort nok trykkebord, så brukte eg strykebrettet, og det fungerte bra nok. Då trykka var tørre, flytte eg heile strykebrettet ut på verandaen, og fikserte/aktiverte fargane i friluft.
Ermer og bakstykke blir i denne ferdigtrykte trikoten frå S&S. Litt kjøligare raud, men heilt ok saman.
Når ein leikar seg i fotoshop, kan ein jo gjere nokre “prøvetrykk” ganske enkelt. Lillafargen ville heller ikkje vore dum, ser eg.
Det gjekk mykje betre å knipse restegarnet til strikkejakka mi.
Eg har sikla på Sinnasaujakka til Pinneguri sidan eg såg den fyrste, og berre måtte i gang.
Sju kjolar er klipte. Kor mange skal eg tore å satse på til fire salgsdagar, tru? Me har jo alltids Epla etterpå –.

5 kommentarer:
Falt pladask for de herlige maurene, så søte de er. Blir spennende å se disse ferdig.
Nyt helga med nål og trå.
Spennende prosjekt du jobber med. Takk for kommentar på bloggen. Når det gjelder Loft garnet så kjenner ikke jeg til noe norsk garn jeg kan sammenligne med. Garnet klør lite, er mykt, lett men veldig spesielt. Ikke et garn som vil bli noen favoritt her!
Herlige farger på sauejakka di! Jeg har lyst på en til (en som passer nå) men får vente litt. Kjolen du holder på med ser kul ut den og.
Åh - eg har visst hatt det for travelt siste veka -
nydeleg stoff -
med insekt, hekladukar og skrift! Eg er sikker på at det vert nydelege kjolar også!
Kor skal du vere med 4 salsdagar?
Seinare i vinter har Lærdal har Julemessa si 1.desember-helga, men eg reknar med kjøparane er betydeleg fleire på Epla!
Strikkefargane dine er naturlegvis - sidan det er du - nydelege!
Men skulderlangt hår?
Ser fram til å sjå deg!
Her var det mye flott arbeid å se! :) Nydelige plagg og bruksting på rekke og rad. Så imponert over de flotte vottene du strikker, eget mønster er det også! :)
Ha en fin dag!
Eli Kristin
Legg inn en kommentar