Og eg nyt det – kanskje for siste gong.
Det er visst brei semje om at polvarer er ferskvarer – og at det er heilt uråd å planlegge alkoholkonsumet sitt heile fem dagar fram i tid. Hmmm. Her i huset klarar me nok fint fem år utan nye innkjøp.
Iallefall har dei siste dagane vore treningsfrie, og fulle av snop, filmar og spøt. Ein liten svipptur til fjells har det også vorte.
Rips med mascarponekrem var desserten vår etter pinnekjøtmiddag i dag. Farleg godt. I morgo må det trimmast!
I kveld funderer eg på kva garn eg skal velje til aprilvottane mine. Eg har tenkt å teste dei nye karbonpinnane.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar