Jula er rydda ut, og heimen fell tilbake på plass. Strikkeprosjekta kravlar fram att frå gøyma sine, og det er tid for toving av sokkar, blokking av sjal – og draumar om nye prosjekt .
Evelyn Clarke sitt "Flower Basket Shawl" er ein favoritt. Dette er mitt tredje.
Nesten som spindelvev i Evilla 8/1 på tjukke pinnar.
Eg blokkar det vått med masse knappenåler på eit handkle, og ynskjer meg veldig blokkepinnar i stål. Det ser iallefall mykje enklare ut.
Her er mitt fyrste:
Det er strikka i tynn alpakka frå Du store alpakka.
Og nummer to? Det solgte eg på ei julemesse – endå eg hadde prisa det høgt for å få det med meg heim.
