Bunadsaum er heilt ok – og må berre gjerast.
Men det manglar farge i eit svartsaumbroderi, stramt og lekkert som det er.
Noro har kuren for dette. Ikkje fordi det er så mjukt og behageleg, og heller ikkje fordi det er spesielt godt å strikke med. Kun fordi det har så fantastisk flotte fargar! Evilla og Kauni er heilt ok, dei – men Noro er meisteren når det er snakk om fargar.
No er spørsmålet om eg skal stripe desse fargane med kvarandre, eller stripe kvart nøste med like tynt einsfarga. Dei skal iallefall vere knesokkar, strikka frå tåa og opp.
Dersom eg broderer ei åttebladrose for dagen, så kan eg vel bevilge meg litt Noro til kvelden?
