Sist var det eit objektiv. Me har vorte godt kjende.
I dag kom ein ny kompis til heimen. Svart og lekker, den også:
Så var det det å bli kjende, då. Høg sommarfuglfaktor i kveld. I morgo må det testast litt. Kan førarkort ruste, tru?
Sist var det eit objektiv. Me har vorte godt kjende.
I dag kom ein ny kompis til heimen. Svart og lekker, den også:
Så var det det å bli kjende, då. Høg sommarfuglfaktor i kveld. I morgo må det testast litt. Kan førarkort ruste, tru?
Det er alltid noko nytt å lære – alltid. Kanskje ikkje det ein venta seg – og kanskje ikkje så mykje som ein hadde håpt – men likevel. Eg melder meg stadig på ting som er “litt i grenseland”, i håp om å snuble over nye idear.
Maggie Grey hadde eit foredrag på siste Festival of Quilts, kalla “Old Walls and Painted Halls”. Mykje av det var ei lita inføring i Photoshop for den eldre garde med lettare pc-vegring. SÅ kom gullkornet:
Maggie brukte det helst på papir til collage, men det går fint på stoff:
Du penslar det på, let tørke, stryk fast eit ark frysepapir på baksida, og køyrer det gjennom blekkskrivaren. Det geniale er at blekket fester seg (viser) berre der du har pensla. Lekkert?
Vasketest seier meg veggtekstil, kanskje veske, men ikkje quilt til bruk og stadig vask.
Til litt meir vaskbare ting er ferdigpreparerte stoffark fine.
Åhh – herleg å vere ferdig med bunadsaum!
Kvardagen er her igjen. Herleg!
Men jammen var det kos å samle dei nære og kjære til fest i helga.
Konfirmanten ynskte seg rosa stæsj.
Den finaste duken min vart plukka fram – og her er jammen fleire slag åttebladroser.
Duken hadde mormor merkt, så det var ingen tvil om at ho ville den skulle bli min.
Dei finaste nuperellene vart også henta fram.
Til og med i kakefata var rosa eit tema -
Farfar slo til med det flottaste perlekjedet eg har sett.
Me har huset fullt av dei lekraste blomster, og gleder oss over dei kvar dag no.
Konfirmanten vil ikkje bli blogga, så det blir ingen bunadbilde av den nykonfirmerte med stolte foreldre og besteforeldre.
Det får bli eitt av konfirmanten dagen etter - då ho viste seg sjølv og andre at ho kan og tør. Pausen frå cross har vart i to år – etter eit stygt fall.
Litt synd at me ikkje har fleire konfirmantar – for no har me jo fått ein gjennomgang, og “kan” det til neste gong.