onsdag 23. juni 2010

Endeleg heime

Eldrid skreiv om sin heimkomne her om dagen, så den var venta.

Spring Thaw 1

Den vesle A4-saken har vore på langtur: England, Danmark, Sverige, Island, Finland, Tyskland, Nederland, Frankrike, Ungarn, Belgia, Spania, Sveits, Luxemburg, Irland, Norge, Italia, Østerrike, og no sist i San Francisco på Norway Day Festival 2010.

Det var gøy å sjå den på veggen i Birmingham i 2007, og gøy er det å vite at den har vore på så lang reise.

Spring Thaw 2

Og så er den jo ein av tre. Temaet var “Mitt land”, og mine handlar om vatn. Vestland.

Spring Thaw 3

Foto frå elva Utla før og etter vårløysinga.

tre samla

A4 er eit godt format å jobbe i. Eg fortel meg sjølv at det er prøvelappar eg lagar, og då er terskelen senka. Ingen ting er skummelt når det heiter prøvelapp.                   

søndag 20. juni 2010

“Siggy”

Det kan vere greit å ha nokre signaturblokker på lur. Det kjem stadig blokker i posten – og koselege mailar om bytting.

ugras

Eg syr dei, men ventar med signeringa, klok av skade. Brått er årstalet uaktuelt.

Siggykø

Motivet kjenner du kanskje igjen frå profilen min? Løvetann kan vere vakkert – sjølv om eg stadig driv klappjakt i hagen. Dette var fjorårets.

 

Ugras i år

Der er nok å ta av i år også.

Ugras i år fade

Ugras i år fade exclusion

 

Så kan ein leike seg i Photoshop. Luke ugras kan ein alltids gjere seinare.

torsdag 17. juni 2010

På vent

Ei quiltevenninne er i ferd med å skaffe seg longarm.

Carolina Christmas topp

Då kan ein jo med godt samvit samle seg nokre toppar, så lenge. Dette er min Carolina Christmas.

pus og niarar

Blå niarblokkar kan også bli til noko – som kan vente ei stund.

blå niarar

Det er meir der dei kjem frå. Mykje meir.