fredag 9. juli 2010

Gamal?

Eg undrar meg over dei unge. Eit sikkert teikn på at eg ikkje er det lenger. Verre blir det – alt på søndag.

Undringa er over noko så konkret som markjordbær. Ser ikkje ungane bæra lenger? Veit dei ikkje kva det er, eller korleis det smakar? Er  det ingen som har tid til å vise dei det lenger?

 

Akkurat desse knipsa eg på Ytre Moa, men det lyser raudt-i-raudt langs gangstien vår for tida. Eg er like forundra kvar dag eg går forbi, for ingen plukkar dei – andre enn meg.

Då eg var lita, plukka bestefar markjordbær til bursdagsbløtkaka mi. Han hadde sine eigne stader, og var lettbeint som få. Smaken hugsar eg enno. Kanskje tek eg ein tur med bærkopp søndag – medan mannen søv ut etter nattskiftet.

Det står eit skilt ved jordbærstaden på Ytre Moa:

Det er vel greit å plukke bær der? Heiter det ikkje fornminne, forresten?

Bæra veks midt oppi tuftene. Eg trør varsamt.

Tenk å ha så fint turterreng rett utfor døra.

Rett nok må ein klatre litt for å kome dit.

onsdag 23. juni 2010

Endeleg heime

Eldrid skreiv om sin heimkomne her om dagen, så den var venta.

Spring Thaw 1

Den vesle A4-saken har vore på langtur: England, Danmark, Sverige, Island, Finland, Tyskland, Nederland, Frankrike, Ungarn, Belgia, Spania, Sveits, Luxemburg, Irland, Norge, Italia, Østerrike, og no sist i San Francisco på Norway Day Festival 2010.

Det var gøy å sjå den på veggen i Birmingham i 2007, og gøy er det å vite at den har vore på så lang reise.

Spring Thaw 2

Og så er den jo ein av tre. Temaet var “Mitt land”, og mine handlar om vatn. Vestland.

Spring Thaw 3

Foto frå elva Utla før og etter vårløysinga.

tre samla

A4 er eit godt format å jobbe i. Eg fortel meg sjølv at det er prøvelappar eg lagar, og då er terskelen senka. Ingen ting er skummelt når det heiter prøvelapp.                   

søndag 20. juni 2010

“Siggy”

Det kan vere greit å ha nokre signaturblokker på lur. Det kjem stadig blokker i posten – og koselege mailar om bytting.

ugras

Eg syr dei, men ventar med signeringa, klok av skade. Brått er årstalet uaktuelt.

Siggykø

Motivet kjenner du kanskje igjen frå profilen min? Løvetann kan vere vakkert – sjølv om eg stadig driv klappjakt i hagen. Dette var fjorårets.

 

Ugras i år

Der er nok å ta av i år også.

Ugras i år fade

Ugras i år fade exclusion

 

Så kan ein leike seg i Photoshop. Luke ugras kan ein alltids gjere seinare.