torsdag 12. august 2010

Vespa

Med eitt hankjønn og to damer i hus, så gjekk det som det måtte gå:

Vespa

Ingen argument om store hjul og køyreeigenskapar slo gjennom. Stil betyr alt!

Inspirert av Bente sin innsats på syrommet, tok eg dei nyinnkjøpte vestane frå Biltema fatt i går kveld.

L

Ikkje så fancy og forseggjort – men dei verkar:

i gang

Til ein slik doning må det vel noko anna enn MX-hjelm til  – slik etter kvart.

No tel “stallen” to bilar, ein “crossar”, ein scooter og ein MC, fire trøsyklar, ein grasklippar, ein mosefresar og ein terrassevaskar.

Godt mannen er i  gang med ny utebod.

søndag 8. august 2010

Borte bra, heime best

Vaskemaskina går – og ting kjem sakte på plass. Feriefrilaurdag. Herleg.

Signallav1 Signallav2

Det blei tid til litt foto på snarturen til Trøndelag, innimellom bygene.

Buvikfjøra

Jaudå, gult kan vere vakkert – men eg likar det ikkje.

 

Reinfann på Skjæret

Dette er visst i ferd med å bli alt anna enn ein handarbeidsblogg.

Eg har planar om spøting snart, og har vore her og her og snopa i kveld. Har litt garn på lur enno, etter eit lokalt opphørssalg.

onsdag 21. juli 2010

Sognaspesialitet

Når ein tømmer kameraet sitt, så kan det dukke opp uventa ting.

Ein marskveld på museet lærte me meir om leggsaum. Ein applikerer ullstoff på ullstoff, og skaper prydnad på bringeklutar, dåpsluer og lommer – både lauslommer og innerlommer.

Mykje av dette finn me berre på museet i dag, men noko av det lever enno: broderiet nede på bunadstakken vår er sydd slik. Akkurat denne måten å applikere på er visst heilt spesiell for Sogn. Dei minner meg om quiltemotiva frå Hawaii.

 

Ifølgje Bjørg Hovland denne kvelden, så gjekk bringekluten ut av bruk før sognebunaden kom – ja, til og med før den perioden den rekonstruerte drakta er frå. Iallefall innom Vik. Altså kan me ikkje ikle oss dette her i indre strok, og samstundes vere historisk rett kledde. Og det er vel heile poenget med å kle seg i ei historisk drakt?

Men i  denne artikkelen fortel Bjørg oss noko anna: bringekluten var i bruk i perioden den rekonstruerte drakten er frå, nemleg fyrste halvdel av 1800-talet. Dette er dokumentert. Eg undrar meg litt over dette her.

Korleis det no enn er, så er det sognebunad eg har, og det blir nok ikkje bringeklut til den.
Eg kan jo øve meg litt på leggsaum likevel, og sy den lekre nåleputa eg snopa meg materialpakke til.

Sogn bunadnettverk er eit positivt tiltak, og me ser fram til fleire spennande kveldar på museet i deira regi.