torsdag 18. november 2010

Status no

Masse halvferdige arbeid. Nokre av mangel på garn, andre av mangel på arbeidslyst.

Mandagsbarn bento

Hugsar du Bento box blokkene mine?

Mandagsbarn bento2

Dei har vorte til ein topp, og fått på seg litt tekst i eine sida. Eg har “knipsa” dei saman med plasttaggar. Då kan eg handquilte – om eg får lyst – utan å få limkliss på nåla. Eg har perlegarn og lang nål klart her.

Arbeidslyst, kom til meg - - - (saman med litt betre pust)

fredag 5. november 2010

Messe!

Siste detaljar på plass, for i morgo skjer det.

messe1

Husflidslaget har den årlege salgsmessa, og eg har leikt meg med sølv og halvedelsteinar.

messe

Nyttige saker for strikkarar – ganske pene også.

messe3

Men det blir nok baksten som blir mest populær i år også.

Snart skal me møtast for å rigge til utstillinga vår – etter same mal som i fjor  - og året før. Så skal me heim for å bake kaker til kafeen vår – som i fjor – og året før.

Gledar meg!

mandag 1. november 2010

Hurra!

- for eittårsdagen!

Fjortisen og eg har trekt ein vinnar. Ho ville gjerne videoblogge hendinga, men mor er ikkje så eventyrlysten.

Me gjer det på gamlemåten:

Trekning

Astrid, sender du meg ei postadresse, så kjem det ein konvolutt i posten til deg no ein dag.

Takk til dykk som var med på leiken.

Det vart sein kveld, dette her – men dagen har gått til jobb og quiltelagskveld, og vipps så er det no snart leggetid.

Quiltelagsdamene har fått ei innføring i fotooverføring til stoff i kveld. Trur det var greit med eit skriftleg samandrag med i veska heim.