fredag 6. mai 2011

Mopedkøyring og slikt

Det kan bli dyrt.

Fjerning av plomberingar kostar 4200,-

Køyring med passasjer over 10 år kostar 2000,-

Køyring med passasjer over 10, under 15, utan hjelm, kostar føraren 1500,- ekstra.

Køyring med passasjer over 15, utan hjelm, kostar passasjeren 1500,-

Korleis eg veit det?

Bot1

 

Vel – det raude, nye vidunderet står innelåst i ein månads tid.

Eigaren er mellombels forvist til trøsykkel, og har fått redusert betalingsevne ei tid.

Heldigvis var passasjeren over 15.

bot2

 

Neidå, plomberinga sit i, den. Ein treng ikkje ha fyrstehands erfaring med alt.

Politiet har ei nyttig lita prisliste.

Kvifor fekk me med den lista heim, tru - - -

torsdag 5. mai 2011

Einstein

Eg skulle strikke ein kort og vid jakke i Noro Silk Garden. Prinsippet var Baby Surprise Jacket.

Einstein5

 

Garnet er jo så flott.

Einstein6

 

Ikkje akkurat billig, heller.

Det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt. Arbeidet låg til modning to vintrar. Det hjalp lite.

 

Einstein2

 

Så rekna eg pris ein dag – og rekte opp med det same.  Slikt garn må brukast.

 

Einstein1  Einstein4

 

No er eg i gang med Einstein etter Sally Melville sitt mønster. Meir elegant enn BSJ – iallefall på bilda.

 

Einstein3

 

Snart må eg bestemme kva side som er retta. Begge er vakre. Luksusproblem.

Men eg trur eg treng litt meir garn - -

søndag 1. mai 2011

Ei lausleg oppskrift

Eller som Elizabeth Zimmermann ville ha sagt det: “pithy directions”

 

puls4

 

Det var einkvan som etterlyste mønster. Her kjem ei litt lausleg oppskrift, som nok krev at du har strikka før.

Det har vel dei fleste gjort – iallefall dei som er innom her, trur eg.

Kanskje krevst det også at du tenkjer på same måte som meg.

Iallefall:

Eg la opp 54m, strikka ribb 4r 2vr ca 10 cm. Auka til tommel innanfor dei to rette kantmaskane i ei av dei rette ribberadene på annankvar omg til tot. 16 rette der. Strikka 4 omgangar til med rett over rett, vr over vr. Sette av dei 16 rette til tommel, la opp 10m bak tommelen og fortsette rundt i ribb ca 3cm. Felte av. Tok opp 10 m i opplegget på tommelen, strikka den rundt med 2vr på kvar side av dei 16 rette. Felte 2 ggr innanfor den rette kantm. i dei 16 rette, på annankvar pinne. Str. til tommel like lang som hand, og felte av.
Dette er grunnmønster, med masse rom for leik med vriborder. Legg til nokre ekstra m om du vil vri, for det “stel” vidde.

Vriborden på biletet er strikka over åtte maskar. Alle dei andre felta med rette maskar er over fire m.

Eg har brukt ulike alpakkagarn i den tynne kvaliteten frå litt ulike produsentar.

Ei lita åtvaring er på sin plass: dette er sterkt vanedannande!

Ha det gøy.

 

Redigert 25.01.2013: ser eg har litt besøk her. Difor: klikk på bildet, så kan du laste ned sida som pdf.