mandag 20. juni 2011

Oi, er ikkje det - ?

Ein herleg lat dag på verandaen med kaffikopp, nytt Norsk quilteblad og Quiltemagasinet.

Fleire timar med kos, berre avbrote av turar til og frå vaskemaskin og klessnor.

Så, litt uti Quiltemagasinet dukka dette opp:

Dischargeveske


Men denne har eg då sett før – det var då den eg skulle sy etter Kemshalldamene sitt mønster.

Eller er det ikkje den?

3foldveske


Nei, ikkje heilt. Men nær. Veldig nær.

 

Så kom den flotte hjertequilten.

Stripequilt

Den skulle eg også sy, av resteremser, ein gong.

Kanskje kunne quiltelaget også ha det som fellesarbeid.

Eg hadde lagt mønstersida inn i favorittane mine.

heartstrings-logo Layout hjerter

Neidå, ikkje heilt likt. Men veldig nær.

Er dette her grubling fram til løysingar på ting utifrå eit foto - slik eg gjorde det med mine bentoboksar ?

Uansett så er dette flotte prosjekt som eg vil sy ein gong. Om det blir etter engelsk eller norsk mønster, får tida vise. Det blir vel heller etter eige hovud, slik det plar bli når berre eg har “knekt koden”.

Eg håpar på  tilgjeving for at eg har lånt foto. Dei illustrerer godt kvifor eg syntest eg hadde sett desse tinga før.

onsdag 15. juni 2011

Hurra!

Det er så godt å vite at ein er på rett spor  –  målbart, altså!

Litt ulikt damer flest, så er det i denne avdelinga eg trivest best. Aerobics – nei takk!

Eg vil slite litt, sveitte og streve med tunge ting – for meg sjølv.

Beinmasse og musklar må jobbast med når ein er komen i førtiåra.

 

Eg tok ein test for tre månader sidan – rett etter eg hadde teikna medlemskap på Gold’s:

Tung, høg feittprosent, sukkeravhengig, høgt blodtrykk - - - mange gode grunnar til å legge om litt.

I dag steig eg på Tanita-vekta på ny, og har glist resten av dagen.

Med litt endringar frå karbo til protein, og jamn styrketrening samt litt kondis, så høyrdest det slik ut:

“Du har mista vel åtte halvkilos pakker smør, og fått på ein halvkilo indrefilet på kroppen desse vekene. Godt jobba!”

Beinmassen er betra, væskebalansen er betra – alt går rette vegen. Hurra!

 

DSC_0772

 

Eg unner meg litt is til kaffien av og til, og ei brødskive til frukosten i helga.

Og så finst det lavkarbo alternativ til snop.

Ingen fare for ketose her. Små, små steg. God tid.

søndag 5. juni 2011

Dyr moro

Tenk å låne ein sprett ny, enno ikkje innkøyrt scooter.

Ville du ikkje vore veldig forsiktig då?

Vespa8

 

Du ville ikkje prøvd å vrenge den opp på bakhjulet?

 

Vespa2

 

Alle som har litt kjennskap til fysikkens lover, forstår at dette ikkje er vidare smart.

Ein Vespa minner om eit badekar på hjul. Veldig langt frå noko Ailo Gaup ville satsa på.

 

Vespa3

 

Dette blir dyrt – for ein lite smart 16-åring med veldig ferskt førarkort – og eigen blodtrimma moped.

Ripene går frå lykta bak til spegelen framme.

Godt jobba!