mandag 18. juni 2012

Sytørken over

Pluss6

 

No må vottane vike ei stund. Eg har sett noko spennande, og må teste det ut.

Pluss3

 

Frå ruteark til utprøving.

Pluss4

 

Pluss1

Morgonturen gjekk fløyten, golvvasken likeeins. Trening – kva er det? Det vart så vidt fiskepuddingmiddag på gjengen i dag.

Eg har hatt Erlendur si siste sak på øyret heile dagen, og løyste mi utfordring omlag samstundes som han løyste si.

Det blir ein liten quilt til barneavdelinga på Haukeland som eg kan handquilte i sommar.  Kjedesyinga gjekk fint, remsene smatt saman, og eg har fått blod på tann!

torsdag 14. juni 2012

Strikkedagen min

Det er ikkje alltid ting blir som ein har tenkt. Ofte blir det veldig bra likevel.

Nålebinding

Som når ein skal markere verdas strikk-i-det-offentlege-rom dagen, og endar opp med å få eit innblikk i ein eldre teknikk, av ein ekspert.

Nålebinding8

- som henta flotte ferdige arbeid for at eg skulle få sjå meir -

Nålebinding5

Nålebinding2

Nålebinding3

Nålebinding4

Nålebinding9

Hyggelege damer, god kaffi, nydeleg eplekake med krem, ei sommarpynta ferje

Ferjepynt

og herlege klungerroser på ferjekaien på Mannheller.

Klunger2     Klunger på Mannheller

Ein gløymer fort vegarbeid, venting og følgjebilar.

Meir om nålebinding og det norske merinogarnet Randi brukte kan du klikke deg til på lenkene.

Kanskje freistar det deg også å ta ein tur til Urnes i sommar – med eller utan spøt.

søndag 10. juni 2012

Strikkefellesskap

Me har den årvisse husflidsdagen – og den prøver me etter beste evne å markere i husflidslaget slik i starten av september ein gong.

 

Så er det noko som kallast Knit in Public day – altså strikk i det offentlege rom. Neste veke skal eg vere med for fyrste gong. Før om åra har det kome for brått på, men no er eg klar.

Sogn og Fjordane Ravelry tel så langt 12 medlemmer, og fire av dei bur i utlandet – men me har planar for dagen.

 

                                               wwkipeurope

 

Kor mange me blir, det er vel litt uvisst. Kanskje berre tre. Men altså: Gamle Fjøsen kafè på Ornes kl. 13.00 den 13.juni. Det går ferje frå Solvorn til Ornes kvar heile time.

 

 

Kanskje har du lyst til å vere med? Sleng deg med, då vel – enten det er KIP-dagen eller Ravelry-gruppa, eller kanskje begge to, som freistar.

Eller kanskje skal du arrangere din eigen KIP-dag der du bur? Det er så kos å samlast med denne hobbyen.

 

Bileta i dette innlegget ? Dei er frå eit nesten ferdig spøt. Berre knappar manglar – og så har eg tenkt å skrive oppskrift – til hausten ein gong.

Garnet er også fint til vottespøt:

 

4 Herrevott

 

Er det fleire enn meg som saknar eit eige strikkeforbund, slik som dei har i Sverige?