fredag 28. september 2012

Ferdig ruga

Akkurat når det begynnar å bli travelt med syprosjektet eg har på gang, så legg eg opp til ein strikkejakke.

I vekevis har eg ruga på både det eine og det andre prosjektet, og brått er eg i gang. Sjølvsagt har eg også bestemt meg for å endre treningsprogrammet mitt akkurat no.

Og frisørskiftet som eg har tenkt på siste året, skjedde brått i går. Omlag 25 cm av lengda låg att på golvet, og enno har eg skulderlangt hår. Det ser bra ut.

 

Trikottrykk 2

 

Ikkje heilt enkelt å fotografere svart trikot – heller ikkje å fotoshoppe det etterpå. Iallefall: stoffet er heilt svart, og trykka meir intense.

her er fronten på ein kjole til meg. Teksten er trykt med stofftrykkfarge, resten med Decolorant plus. Eg har brukt thermofaxrammer, og synest dei blei supre.
i mangel på stort nok trykkebord, så brukte eg strykebrettet, og det fungerte bra nok.  Då trykka var tørre, flytte eg heile strykebrettet ut på verandaen, og fikserte/aktiverte fargane i friluft.

Trikottrykk3

 

Ermer og bakstykke blir i denne ferdigtrykte trikoten frå S&S. Litt kjøligare raud, men heilt ok saman.

 

trikottrykk leik2

 

Når ein leikar seg i fotoshop, kan ein jo gjere nokre  “prøvetrykk” ganske enkelt. Lillafargen ville heller ikkje vore dum, ser eg.

 

Sinnasau Rauma2

Det gjekk mykje betre å knipse restegarnet til strikkejakka mi.

Sinnasau starta

Eg har sikla på Sinnasaujakka til Pinneguri sidan eg såg den fyrste, og berre måtte i gang.

 

Sju kjolar er klipte. Kor mange skal eg tore å satse på til fire salgsdagar, tru? Me har jo alltids Epla etterpå  –.

fredag 24. august 2012

Dorthe

Eg prøver å unngå “diller”.  Men når dilla er noko eg alltid har likt, nemleg store, slafsete gensarar – så blir det veldig freistande.

Maria Skappel bloggar om gensaren ho har fått av mora, og vips, så sel garnbutikkane i haug og dungar  - midt på sommaren. Flott for dei, i alle fall.

Mange av oss er nok litt metta på kroppsnære plagg frå morgon til kveld, og har lyst på litt “fri”, rett og slett.

Me veit jo at same kva me strikkar, så vil me aldri bli så langbeinte og smellvakre som Skappel-damene.

 

Dorthe1

 

Denne her er til dottera, som gledar seg til kosegensar. Mora har vore med på dette ein gong før, og er ikkje så sikker på om ho vil ha eigen.

På Ravelry ligg det 54 prosjekt så langt. Eg reknar med at det blir mange fleire.

Har du lyst til å strikke, så ligg det oppskrift her. Nivået er eitt lite hakk opp frå nybegynnarskjerf. “Mindless knitting”, som The Knitmoregirls kallar det.

Som du ser, har eg valt dropsgarn. Strikkepakkene som Maria planlegg, kjem på 900,- ser eg. Mitt prosjekt kom på ca 500,-.

Då manglar me jo sjølvsagt den eksklusive Skappel-strikkeposen. Og dei lange beina.

 

I try to avoid crazes. Big, slouchy sweaters have always been tempting, so I gave in to this particular craze.

Most of us are in  closely fitting garments all day, and long for a timeout.

Maria Skappel, daughter of a Norwegian TV celebrity, published her mother’s pattern on  her blog, and it just took off from there.

You can find 54 projects on Ravelry right now, and I bet you there will be more.

tirsdag 14. august 2012

Snart kvardag

- og tid for å sjå attende på ferien.

Reisemålet vart endra frå Dublin til Mestre. Ingen av oss angra på det.

 

Med leigebil tok me oss fram til både Dolomittane i nord

 

 

og Po-deltaet sør i Veneto. To dagar var me i Venezia. Dit vil eg tilbake – gjerne i februar/mars.

 

Me rakk over tre bilar på ei lita veke. Aldri meir Advantage!

 

Ved Nigardsbreen  Forfall Harastølen


Finaste feriedagen var likevel den kortreiste. Mannen og meg på MC til nære mål som Solvorn, Nigardsbreen i Jostedalen, Harastølen 30 år etter eg jobba der, og heimtur over Turtagrø.

Kaffi på termos, bakst frå Lustrabui.

 

I kveld har eg sett gjennom strikkemønstre. Hausten er her snart, og då er det godt å vere klar.