onsdag 10. oktober 2012

Supplies, supplies


Det gjorde godt med ein bytur i skuleferien. Husfliden hadde meir Rauma finull til restegarnsjakka med sauer på. Så blir det ikkje heilt 100% restegarnsprosjekt, men om jakka endar opp med å vege meir enn 250 gram, så minkar iallefall lageret. Eg strikkar den største størrelsen, ekstra lang, så det blir nok eit minusprosjekt trass i nykjøpet.

Finull

Finull er forresten ikkje det det var. Etter å ha strikka litt, sjekke eg bandet på den nye bunten. Garnet kjendest ikkje heilt likt. Dei gamle buntane mine har 165 m på 50 gram, medan dei nye har 175. Det kan også kjennast som garnet har litt meir tvinn no. Ok – slik er det berre. Ting endrar seg på 20 år.

Alpakka

Når ein fyrst er på ein slik butikk, så er det lett å late seg freiste til ekstrakjøp.

Fin

Og når me er inne på lekre garn: har du sett garna til Jared Flood?
Han er veldig bevisst på å bruke amerikansk ull, Targhee-Columbia, til dette garnet som er spunne av Harrisville Designs  i USA.
Eg har sikla på det sidan det kom på marknaden fordi fargane er så lekre – melerte, og passe sterke. Det meste av det Flood driv med, er lekkert. Så er det dette med pris, då. $14,50 for 50 gram er ganske mykje. Sjølv med låg dollarkurs blir det nesten 90 kroner.

Husfliden hadde det melerte Ask-garnet frå Hillesvåg ullvarefabrikk, og det var endå vakrare enn det ser ut på nettsida deira. Det ser ut til å vere norsk ull, kardegarn som Loft-garnet er – men tjukkare. Same strikkefastheit som finullgarnet, slik omtrent.
Prisen? 74 kroner  - for 100 gram.

Hmm – kanskje ein skulle legge inn ein liten avstikkar til Hjelmås på neste bytur –.

lørdag 6. oktober 2012

Samansett

Det hender folk blir overraska over meg – fordi interessene spriker litt.

Forrige fredag valde eg å avspasere på jobb, fordi gym’et feira toårsdag med spennande aktivitetar.

I dag kunne eg godt ha tenkt meg å ha vore i Oslo, i konserthuset, på NM i bodybuilding og fitness. Som publikummar, sjølvsagt.

Ei eller anna gong må eg prøve å få det til – har tenkt på det i mange år. Ja, du må gjerne kalle det sært – til og med “harry” – men det er likevel ei side av meg.

Dei som driv med dette ser passe jålete ut på scenen, men tenk deg alle treningstimane og det strenge kosthaldet som må til for å få slike resultat. Eg har stor respekt for dei.

 


I staden sit eg her klar igjen, med proteinkaffi og spøt framfor pc’en. Innleiande rundar starta i dag tidleg klokka ni. Streaming her.

Restesauer1


Det er det der med spøtet og lappesaumen min dei fleste kjenner til. At eg helst ser “American Choppers” eller eit eller anna på Discovery når eg er på kardiotrening, er vel heller ikkje heilt som venta.

Restesaujakka går forresten som ein leik, og eg gledar meg til å få bruke den. Fargane ute no om dagen glir rett inn i jakka mi. Eg funderer framleis på om sauene mine skulle hatt svarte føter – iallefall nedste omgangen. Er dei nokon bestemt rase slik? Blackface  kanskje?

Kva er dine “sprik”?

fredag 28. september 2012

Ferdig ruga

Akkurat når det begynnar å bli travelt med syprosjektet eg har på gang, så legg eg opp til ein strikkejakke.

I vekevis har eg ruga på både det eine og det andre prosjektet, og brått er eg i gang. Sjølvsagt har eg også bestemt meg for å endre treningsprogrammet mitt akkurat no.

Og frisørskiftet som eg har tenkt på siste året, skjedde brått i går. Omlag 25 cm av lengda låg att på golvet, og enno har eg skulderlangt hår. Det ser bra ut.

 

Trikottrykk 2

 

Ikkje heilt enkelt å fotografere svart trikot – heller ikkje å fotoshoppe det etterpå. Iallefall: stoffet er heilt svart, og trykka meir intense.

her er fronten på ein kjole til meg. Teksten er trykt med stofftrykkfarge, resten med Decolorant plus. Eg har brukt thermofaxrammer, og synest dei blei supre.
i mangel på stort nok trykkebord, så brukte eg strykebrettet, og det fungerte bra nok.  Då trykka var tørre, flytte eg heile strykebrettet ut på verandaen, og fikserte/aktiverte fargane i friluft.

Trikottrykk3

 

Ermer og bakstykke blir i denne ferdigtrykte trikoten frå S&S. Litt kjøligare raud, men heilt ok saman.

 

trikottrykk leik2

 

Når ein leikar seg i fotoshop, kan ein jo gjere nokre  “prøvetrykk” ganske enkelt. Lillafargen ville heller ikkje vore dum, ser eg.

 

Sinnasau Rauma2

Det gjekk mykje betre å knipse restegarnet til strikkejakka mi.

Sinnasau starta

Eg har sikla på Sinnasaujakka til Pinneguri sidan eg såg den fyrste, og berre måtte i gang.

 

Sju kjolar er klipte. Kor mange skal eg tore å satse på til fire salgsdagar, tru? Me har jo alltids Epla etterpå  –.