onsdag 21. november 2012

Det gjekk fint!

Eg var så nervøs før fyrste messehelga.

Tenk om ingen likte det eg hadde laga – tenk om eg vart sittande med ti kjolar etter at alt var over - - -.

Tid og pengar var investerte, og eg hadde sjølv teke initiativet til å vere med på dette her.

 

Fyrste kjolen   Fyrste kjolen2

No hadde eg rett nok fått gode tilbakemeldingar på min eigen kjole, den fyrste i chenille.

Test messekjole

 

Og så var det jo veldig gøy å leike seg fram til mønstring på desse kjolane. Denne her er trykt med stofftrykkfarge, men også med dischargepasta, slik at her er både teke vekk og lagt til farge.

Heilt ok til meg sjølv, men litt viltert for salg, kanskje.

Messekjole1


Slik vart den eine av modellane mine. Svart chenille er ikkje det enklaste å fotografere, men eit inntrykk får du iallefall. Ordskya handlar om å høyre heime mellom høge fjell.


Ni av kjolane har gått – og den siste går kanskje i morgo. Iallefall kjem ei dame og prøver den då.

Her er framleis litt Fredriksons fabrikk, med nokre endringar på lengd og vidde.

Alt i alt er eg veldig godt nøgd, og synest det har gått supert. Dette ga meirsmak!

mandag 5. november 2012

So far, so good

Fyrste helga i Hestetun gjekk veldig bra.  Masse folk, bra handel, og  lun og fin stemning. Litt skummelt var det å selje eigne ting slik, men det var mest fyrste kvarteret. Deretter vart det berre kos.

 

Kjoleinfo

 

Eg selde fem av ti kjolar, og er godt nøgd med det. Eg kunne nok selt fleire, hadde eg berre hatt rette fargen i rette størrelsen.

Men på ein såpass liten plass, så er det kanskje nok med ti i nokonlunde same design. Dei eg har att, kan få føter å gå på om to veker. Herleg!


  

Det er kaldt i ein gamal låve, så me måtte kle oss godt. Planane om å kle meg i kjole for å vise dei fram, vart fort endra – til fire lag ull.

Eg fekk lånt meg to utstillingsbyster til å syne kjolar på, og dei var smekrare enn meg.

 

Restesauene4

 

Sinnasaujakken er ferdig, og fekk prøvekøyrt seg i helga. Eg er så fornøyd med den. Masse raumagarn er brukt opp, og jakken er akkurat passe.

 

Restesauer belegg  Restesauer knapp

 

Den fekk seg Libertystoff som belegg på innsida der eg klipte opp, og prikkete knappar frå Stoff og stil.

At eg må flytte to knappar for å få stripene til å stemme, snakkar me ikkje så høgt om.

 

Snart har eg to nitimars flyturar føre meg, så eg må lage meg eit nytt arbeid. Meir striper, trur eg.

No i kveld, medan eg skriv, har eg jammen fått napp på ein kjole til over telefonen. Dette er slett ikkje verst, det – for å vere fyrste forsøk.

 

                                                          Restesauene5

tirsdag 30. oktober 2012

Fredrikssons fabrik

Hugsar du serien frå TV?

Litt slik har det vore her i huset siste tida. Stoff har vorte vaska , tørka og glatta over. Kjoledeler er klipte ut, trykte på, fikserte, nåla, tråkla og sydde saman.

Overlockmaskina og symaskina har fått køyrt seg. Så god tid hadde eg, at eg ikkje nøyer meg med dei sju planlagde kjolane, men slenger med tre til. Då blir det litt press og stress likevel.

Men tenk om ingen vil handle kjolar av meg – då sit eg der, då – med fanget fullt. Heldigvis finst Epla og Etsy.

Det nærmar seg som sagt, og her er plakaten vår:

julemesse3

 

Kanskje ser eg deg der?