tirsdag 15. januar 2013

Sogn bunadnettverk

 

Ja, eg har nemnt dei før. Ein gjeng damer som brenn for tekstilar. Gamle tekstilar – og teknikkane dei brukte for å lage desse.

Om ei veke i morgo er det tid for ein kveld med dei på museet att. Det er berre ein liten ting: her i huset er det ei frøken som fyller 18 akkurat den dagen. Kanskje går det an å feire med bløtkake dagen etter?

image

Dette kjem til å kreve diplomati. Oreo-kake, iallefall.

torsdag 10. januar 2013

Skattar

Eg minnest eit skrin frå då eg var lita. Pappa sitt skrin, som spelte når ein opna det – og som hadde skattar frå fjerne land. Dei var kjøpte på den store ferda hans til framande land, medan han var på skuleskip, og venta på å bli gamal nok til å ta seg jobb på fabrikken her i bygda.

No er vesparypa like gamal som morfaren var då han vitja Japan og Panamakanalen, og skaffa seg tyttebærtatovering med “Norge” på armen.
Vesparypa skal på russetur til hausten. Tru kva ho kjem heim med?

 

Qatar2012stoffroser

Når eg er på tur, så blir det ofte litt sære ferdaminne – frå litt sære butikkar. Sist var det knappar frå Paris.

 

Qatar2012småspeglar


Ei tid før det var det silke frå Qatar. I haust baud sjansen seg igjen, og eg fekk vitje Qatar nokre dagar.

Qatar2012bandrull3


Også denne gongen vart det litt skattar.

Qatar2012bandrull2

Eg må visst ha meg eit skrin.

Qatar2012bandrull

Eller kanskje ei skattekiste.

 

Kva eg skal bruke det til? Anar ikkje – men pene er dei, både banda, speglane og stoffrosene.

 

“How many meters, Madam? All of it??”

tirsdag 8. januar 2013

Vottedilla

Det må jo gå over ein gong. 12 par vart det i fjor – litt fordi eg var med på ein utfordring på vottegruppa på Ravelry. “12pairsofmittensby2012” seier vel det meste om det.

Det gjekk akkurat, for eg festa siste trådane på siste votten på vesle nyttårsafta.

I fjor på denne tid fann eg vel ut at quiltebloggen heldt på å bli noko anna – og slik er det nok i år også.

 

tordivelvottar6   Blondevott på2

Tvilling1   Ferdig Dala2

Wood Hollow Mittens  Tova Rauma3tr

Ferdig dala  Herrevott5

Stripeleik1   Stripeleiken 3c

Stripeleiken 2d

Slik var produksjonen i fjor – og eg er ikkje kurert.

 

Flyfly1

 

Fyrste paret ut i år er ferdig – og eg ser meg om etter fleire fine vottemønster med fuglar på. Men dei skal ikkje ha for lange sprang mellom maskane. Dei skal vere teikna av nokon som kan det her med totrådsstrikking.
Vottane over her er det Jorid som har teikna – dei ligg ute som gratismønster i butikken hennar. Og der er masse andre fine vottemønstre. Gode vottemønstre.

Dette er det nok mange som har oppdaga, for Jorid sitt mønster “Brennende kjærlighet” er fyrst ut i ein vottealong som starta no i januar. Ganske så mange damer har strikka seg akkurat desse vottane alt – og mange fleire er i gang.

Og her kriblar det litt – for nestemann ut, det er meg. Kanskje må eg lære meg litt meir tekniske saker om blogg og nedlasting av pdf, slik at det går an å hente mønsteret her hjå meg også – og ikkje berre på Ravelry. Om nokon har tips, blir eg glad for det.

 

Stripeleiken 2e


Hurra! Det er så gøy at så mange vil strikke mitt mønster!

 

Quilting kan det nok også bli i løpet av året – men fyrst må nokon rydde syrommet mitt - -.