mandag 1. april 2013

Aprilvottar

aprilvott

 

Eg er ikkje så glad i omgang etter omgang med vrange maskar – berre for at det skal bli vrangt på retta.

 


Så når det går an, så juksar eg litt. Eg vrenger arbeidet, og strikkar rett på vranga dei seks omgangane, før eg vrenger til retta, og strikkar dei seks rette der.
Ja, det blir eit lite hol – men det gjer ikkje meg noko. Rillene vil jo legge seg litt “i kø” her likevel.

Mønsteret er Mini Mochi Springy Ring Mittens.

Eg valde å bruke garn eg alt har: DSA Tynn alpakka, og Regia 4-tråds sokkegarn i Kaffe Fassett-fargar.

Karbonpinnane er litt kortare enn eg er van med – men ellers veldig fine i bruk. Dei kjennest nesten litt varme.

Dette må bli supre vottar saman med Wurm-lua til Katharina Nopp. Den har eg hatt lyst til å strikke lenge.

 

 

Medan eg har skrive dette, så har eg lasta ned Herremagasinet, Ukeslutt, Hallo i uken, Språkteigen, Electric Sheep, Knit Picks’, Knitmoregirls’,  Jackie’s Quilting Chronicles og American Patchwork & Quilting sine podcastar til Ipod’en. Dette kan bli ein lang trimtur!

søndag 31. mars 2013

Fem dagar fri!

Og eg nyt det – kanskje for siste gong.

Påske

 

Det er visst brei semje om at polvarer er ferskvarer  –  og at det er heilt uråd å planlegge alkoholkonsumet sitt heile fem dagar fram i tid. Hmmm. Her i huset klarar me nok fint fem år utan nye innkjøp.



Iallefall har dei siste dagane vore treningsfrie, og fulle av snop, filmar og spøt. Ein liten svipptur til fjells har det også vorte.

 

 

Rips med mascarponekrem var desserten vår etter pinnekjøtmiddag i dag. Farleg godt. I morgo må det trimmast!

I kveld funderer eg på kva garn eg skal velje til aprilvottane mine. Eg har tenkt å teste dei nye karbonpinnane.

onsdag 6. mars 2013

Februar

Kom og gjekk.
Eg syntest det var best at tommelaukingsinnlegget fekkk ligge fremst i bloggen så lenge det stod på. Då var det lett å finne hjelp og forklaring for dei som stussa litt.

 

Roser og striper1

 

Eg enda opp med å  bli med på vottegalskapen. Eg som aldri skulle på fjesboka –.

 

Roser og striper2

Og så måtte eg prøve meg på dei andre februarvottane. Eit godt mønster. Det er dei alltid når Wenche har skrive dei.

 

Roser og striper5

Hemmeleg melding bak tommelen er ein kjekk vri, sjølv om eg valde å late det vere på desse.

 

Roser og striper3

 

Eg prøver å innbille frøkna at ho har ei framtid som vottemodell, berre ho øver nok.

-  ”Åhhh – mamma – det er kaldt!”

- “Ikkje på hendene, iallefall –“