Det tok eit par dagars rydding. Litt om gongen, så det ikkje verka som så stor jobb. Framleis står mykje att, men no går det an å kome inn og sette seg ned og sy utan å skumpe borti noko eller rive ned noko.
Neidå, det er ikkje tråklesting – det er handquilting med perlegarn og dokkenål. Heilt ok til bruksting, synest eg. Det tok nokre kveldar forrige veke – og nokre episodar av “A Game of Thrones”.
Quilten er ca 90 x 120 cm, og kan vere slumreteppe til både store og små.
Bakstykket er fleece, og eg har overlocka kantane saman før eg set på lukkekanten. Veldig ok måte å gjere det på, for då fekk eg reinskore det med det same.
Eg sydde også på baksida av lukkekanten med maskin: denne quilten skal ikkje konkurrere, men kosast med, og ein maskinsaum toler hardare bruk.
No skal han på utstilling i helga, for quiltelaget stiller ut quiltar som skal til barneavdelinga for langtidssjuke barn på Haukeland. Men det skal gå fint.
Eg plar merkje quiltane eg sender frå meg med ein slik lapp – så blir det kanskje endå meir trøst i dei.
Utstilling er smart – då må ting gjerast ferdige. Gleder meg!
