torsdag 2. mai 2013

Ferdigstilling

Når ein leitar, så finn ein ofte andre ting enn det ein var på leit etter. Slik hadde det seg at då eg leitte etter ekstra sterk tråd for å fikse noko i bilen, så fann eg andre trådsneller også.

rip1

Dei blå snellene eg bestilte frå USA for å få akkurat maken til den eg slapp opp for midt i froskedammen min, kom fram att i lyset. Ellers plar eg ikkje pirke slik med tråd at eg bestiller langvegsfrå. Eg hamstrar som regel Aurifil i litt ulike fargar og tjukkleikar når eg kjem over det.

rip2

Det halvquilta arbeidet kom også fram att – og no har det til og med fått både lukkekant og opphengs”tunnel” . Det manglar berre å sy den slik til at det er plass til ei list inni der.


rip3


Det tok litt tid å finne att rytmen – men blei heilt ok. Eg finn ikkje att overgangen sjølv no når det er ferdig.


rip6

onsdag 1. mai 2013

Eg syr!

Det tok eit par dagars rydding. Litt om gongen, så det ikkje verka som så stor jobb. Framleis står mykje att, men no går det an å kome inn og sette seg ned og sy utan å skumpe borti noko eller rive ned noko.

bento4


Neidå, det er ikkje tråklesting – det er handquilting med perlegarn og dokkenål. Heilt ok til bruksting, synest eg. Det tok nokre kveldar forrige veke – og nokre episodar av “A Game of Thrones”.
Quilten er ca 90 x 120 cm, og kan vere slumreteppe til både store og små.

bento2


Bakstykket er fleece, og eg har overlocka kantane saman før eg set på lukkekanten. Veldig ok måte å gjere det på, for då fekk eg reinskore det med det same.


Bento1


Eg sydde også på baksida av lukkekanten med maskin: denne quilten skal ikkje konkurrere, men kosast med, og ein maskinsaum toler hardare bruk.
No skal han på utstilling i helga, for quiltelaget stiller ut quiltar som skal til barneavdelinga for langtidssjuke barn på Haukeland. Men det skal gå fint.


bento5


Eg plar merkje quiltane eg sender frå meg med ein slik lapp – så blir det kanskje endå meir trøst i dei.
Utstilling er smart – då må ting gjerast ferdige. Gleder meg!

torsdag 25. april 2013

Ein nygamal kompis

Dei siste gode kompisane eg har fått, har vore svarte, strenge i linjene, og hatt ny teknologi. Supre leiketøy.
My last few good mates have been black, fierce and packed with new technology. Great toys.

rokk3

 

Den siste nykomlingen er trøndar, og blei laga til svigermor si oldemor. Tenk at den er komen hit til oss!
The latest arrival is a family heirloom, made for mother-in-law’s great grandmother. 

rokk2


Han ser ut til å vere fullt brukande, men treng ny rokkesnor. Eg har funne ut at eg kan bruke såkalla murarsnor, men skulle gjerne hatt ei i passande materiale. Oransje nylonsnor blir litt feil her, sjølv om det nok fungerer greit. Eg har snust litt på nettet, men tek gjerne imot tips her. (Her er han utstyrt med hyssing – men det må nok kraftigare saker til.)
It seems to be in full working order. It isn’t as advanced as the newer ones, but I like the idea of using something that has been in the family for generations. It does need a new drive band and a threading hook.

rokk4


Ikkje så mykje krusedullar, og utan linhovud, men eg vil spinne ull – og han skal visstnok vere god å spinne på.
No fancy ornamentation, no distaff – but it was considered a good wheel back in the days it was in use. I will be spinning wool, anyway. 


rokk1

Det er til og med med tre ekstra spolar – i eige stativ.
There’s even a Lazy Kate with three extra bobbins.

No er det berre å håpe at spinning er som sykling og symjing – har du eingong lært det, så sit det.

Heldige meg!

I just hope old skills will come back to me – like bicycle riding and swimming do. Lucky me!