Når ein leitar, så finn ein ofte andre ting enn det ein var på leit etter. Slik hadde det seg at då eg leitte etter ekstra sterk tråd for å fikse noko i bilen, så fann eg andre trådsneller også.
Dei blå snellene eg bestilte frå USA for å få akkurat maken til den eg slapp opp for midt i froskedammen min, kom fram att i lyset. Ellers plar eg ikkje pirke slik med tråd at eg bestiller langvegsfrå. Eg hamstrar som regel Aurifil i litt ulike fargar og tjukkleikar når eg kjem over det.
Det halvquilta arbeidet kom også fram att – og no har det til og med fått både lukkekant og opphengs”tunnel” . Det manglar berre å sy den slik til at det er plass til ei list inni der.
Det tok litt tid å finne att rytmen – men blei heilt ok. Eg finn ikkje att overgangen sjølv no når det er ferdig.
