torsdag 11. juli 2013

Hurra for meg!

 

- fyrst fordi eg vann utfordringa mot vesparypa.

Me hadde heile juni månad på oss, men eg måtte melde pass etter tre veker. Siste veka var det mest snufs og host. Men altså: 4,4 kg mindre feitt og 1,2 kg meir musklar! Det har gått i masse kylling, egg, cottage cheese, rå salmalaks og frukt og grønt. Mykje tran og litt ekstra sink og magnesium fekk eg også med. Morgonkardio, hard styrketrening og motbakketurar gjorde sitt.
Vesparypa tok litt lettare på det, men gjorde også eit bra rykk rette vegen.

Ja, det var hard jobbing – og eg trudde heilt ærleg ikkje at det gjekk an å få slike resultat på så kort tid. Det vart forresten ein tredjeplass på meg i konkurransen med alle dei andre.

Premiesko2

Her er premien min frå Vesparypa – er dei ikkje lekre?

- og så litt hurra fordi eg fyller år igjen. Eg held meg på førtitalet enno, men kjenner på tidvis varme i toppen at andre tider nærmar seg. Dagen tenkjer eg å feire med mc-tur i finvéret.

mandag 17. juni 2013

Marknadslaurdag

Eg brukar å ta meg ein tur – ofte saman med mannen – når nabobygda steller til Lærdalsmarknad.

I går måtte han rykke ut på vaktoppdrag, så då tok eg turen aleine.

Det vart ein opplevingsrik dag:

veteranbilutstilling, to gonger tyttebæris frå Feios i løpet av nokre få timar, arabisk kaffi, fekk helse på ein ordførar, fleire palestinarar, og skravle med ei lettare stressa Boops, kjøpte bringebærhonning, to buntar Kaunigarn, passa Jerikobui ein times tid, såg flotte quiltaløparar, og alle dei flotte hattane til Torild Finsrud Velure.

marknad


Kameraet låg att heime, men her er fangsten min.

havskum3

Havskumteppe nummer tre voks også nokre omgangar medan eg passa Jeriko-varene.

Spøtet har vokse litt meir i dag, men eg har også trent to økter. No er me halvveges i konkurransen – og det blir ikkje meir is på meg før me skriv juli månad.
Eg drøymer om den tyttebærisen frå Feios. Kanskje skal eg prøve meg på noko sunt, proteinrikt i ismaskina ein dag. Masse eggekviter, bær, yoghurt og sukrin? Rabarbrais, kanskje?

søndag 9. juni 2013

Instinkt

Til kvinne å vere, så har eg eit godt utvikla konkurranseinstinkt. Kanskje litt vel mykje –.

junitrening

 

Så når treningssenteret køyrer konkurranse i juni, så utfordra eg vesparypa til å vere med på ein liten privat konkurranse.

Målet er å kome ned i feittprosent utan å tape muskelmasse. Me er vegne og målte etter alle kunstens reglar, og er i gang. Me registrerer treningsøktene etter kvart, og held auge med dei andre konkurrentane også.

Men altså: er du 48, så har du litt annan forbrenning enn om du er 18. Til gjengjeld er viljen sterk, og behovet for fart og moro i helgane er forlengst borte.

Eg har logga 14 økter dei siste åtte dagane, og er fleire kilo lettare på ei veke. Det er neimen ikkje enkelt, dette her. Svolten skal eg iallefall ikkje vere ein einaste dag. Eg proppar i meg, og håpar eg er på rett spor. Sofakroken og spøtet er super restitusjon. Men kva er det som er borte? Feitt? væske? musklar?