torsdag 17. oktober 2013

Best under press?

Jaudå, eg lever, i beste velgåande.

Treninga tok litt over for andre ting denne sommaren, så det var ikkje så mykje å blogge om. Det er vel ikkje nokon av dei som er innom her som har lyst til å lese om kor mange kilo stål eg klarer å løfte i ulike øvingar, eller kor mange poeng det vart i fjellgeit-konkurransen.
Eigentleg så trur eg at eg er best på restitusjonsbiten: god mat og slumring under ein quilt, medan eg legg planar for alt eg skal gjere når hausten kjem.

 

veskefrontar

 

Brått er hausten her, og det er snart messetid, og eg er litt bakpå med det meste – igjen.

Ein tur til by’n i førre veke gjorde godt. No har eg vaska og tørka stoff i fleire dagar, og fekk fylt på att med litt ulike materialar. Nokre vesker skal det bli – med “ekle kryp” på. Må berre kome over glidelåsskrekken igjen. Kjolar trur eg også eg skal få tid til – men heilt sikkert ikkje ti i år.

I dag har eg testa ut eit mobilveskemønster frå michellepatterns. Kanskje skal dei også få foto på seg?

 

mobilvesker

I allefall kan det no bli noko litt meir proft til min eigen telefon no.


russemarius

 

Forresten, når ein driv slik og restituerer seg, så går det heilt fint å strikke – og drikke te – og høyre på lydbok. Russegensaren til frøkna er klar, i god tid. Det er ein mariusgensar med rundfelling i berre to fargar. Eg brukte Drops sitt Merino extra fine, så den er kløfri rett på kroppen.  Dette garnet er litt tjukkare enn garnet i oppskrifta i Mariusboka, så eg gjekk ned ein storleik på masketalet, og det passa fint. Alpakka er altfor varmt for frøkna, og så er det ikkje akkurat spenstig.
Frøkna sjølv er litt medteken for tida, og har erklært at ho “skal aldri meir på russetur”. Det er nemleg slitsamt så lenge etterpå.

onsdag 21. august 2013

Heile løpet ut

Som tilsett i det statlege alkoholutsalget, er ei av dei kjekkaste oppgåvene mine å gje gode råd om vin til mat. Ekstra kjekt er det på sommaren, for då kjem brudepara.

I ei lita bygd som vår, så kjenner ein av og til desse som skal gifte seg – somme av dei så godt at ein har skifta bleier på dei ein gong i verda – og lese godnatthistorier.

Iallefall: no har eg fått oppleve å gi råd, bestille vinen, servere både mat og vin, smake maten (på kjøkkenet), og høyre tilbakemeldingane på mat og vin saman. Det einaste som mangla, var å få smake mat og vin saman. Det bør ein vel ikkje gjere når ein er amatørservitør - -.

Joardessert

 

Maten stod Joar Søhoel for – og var av det slaget eg kan drøyme om seinare.

mandag 19. august 2013

Smartare

- i alle fall på telefonfronten.

Eg greidde meg lenge med den gamle klapptelefonen, eg – men fekk altså ein smart ein i bursdagsgåve i sommar.

Etter fyrste turen i golvet, fann eg ut at den måtte ha eit “hus”.

 

Mobilhus

 

Akkurat to minutt tok det å skjære ut av ein rest og sy det saman. Og slik ser det ut og!

Tenk at ein quiltar kan gå rundt med noko slikt - -. Men det gjer nytten.

 

Det er mykje å sette seg inn i med dette vidunderet av ein telefon. Det viktigaste er no på plass, og frøkna har hjelpt meg i gang med Wordfeud.

Men som ho seier: “det der var veldig populært for eitt og eit halvt år sidan, det, mamma”.

Kva gjer vel det? Det er no eg kan vere med - og gøy er det. Skulle berre ynskje det fanst ein nynorskversjon.

 

Eg heiter Miranne på Wordfeud også, om du har lyst til å bryne meg.

Mobilhuset får eg kome tilbake til når eg har klekt ut den perfekte løysinga. Kanskje trengst ei hempe – og ei lita lomme til bankkort?