tirsdag 24. august 2010

Tantkofta på gang

Ideen er enkel: start å spøte på toppen, så er det enklare å regulere undervegs.

Eg har såvidt prøvd det før, med ein barnejakke etter lausleg oppskrift frå Elizabeth Zimmerman. Det ga meirsmak.

Lilla tant

Det lilla garnet skal etter planen bli ein snerten liten jakke med vrirender i raglanaukingane. Litt rart ord, det der, men det er jo det eg gjer – aukar i raglan.

Garnet er lovande, mjukt, fint, lett og passe melert, og finst i fleire freistande fargar.

Meir om tantkofter og dama bak finn du i bloggane til Lotta.

torsdag 19. august 2010

Ruging

Ja, det må jo til – ein må “kna” ideane sine litt, stryke litt på garna sine – slik ein gjer med stoffa sine, og fabulere om kva det kan bli.

Monty

Det finst enno att litt av dette – trur det heiter Monty. Lett, luftig, og veldig mjukt. Sikkert snart 30 år gamalt.

 

Rowan mm

Fyrste bunten er sjølvspunne av tussah-silke. Dei andre er restar av Rowan-garn i ull, silke og blandingar av desse. Takka vere eit romsleg stipend frå Gudbrandsdalens Ullvarefabrikk, kunne eg fråtse i slikt flott garn til eit stort prosjekt ein gong sist på 80-talet.

 

Har sko, treng jakke

Så er det garn av nyare dato, og lilla er jo aktuelt.

 

Inspirasjon

Og det er viktig å late seg inspirere. Svenske tant kofta er ein god blogg. Tenkte eg skulle prøve hennar måte å strikke jakke på, ovanfrå og ned. Mange har prøvd seg på det før.

 

meir inspirasjon

- og sidan lilla er aktuelt, så kan ein jo handle inn litt meir, i ein enno penare lilla. Det måtte vaskast før bruk, men ser ut til å vere verdt det. Takk for tipset, Pinneguri.

 

Chemo caps

og medan neste prosjekt modnar, så er det grei at fingrane går av seg sjølv i enkle, kjappe ting som desse. Dei skal snart avgarde hit. Kanskje har du også tid til eit par slike?

Av og til er engelsk så mykje betre til å uttrykke ting enn norsk:
Chemo cap høyrest iallefall mykje betre ut enn cellegiftlue.

Mønster på den med “blondekant” finn du hjå Debonnaire.

 

Men HJELP: kva er det som skjer med ekstra”luft” når eg skifter foto i header’en min?Kanskje hadde det gått an å fått hjelp til å fjerne “boksen” rundt heilt?

5 timar seinare:
YESS! Den som berre fiklar nok, får det til. No er også header’en rein og fin, utan rammer som forstyrrar heilheita mi. Eg har fikla siste timen.

fredag 13. august 2010

Solhatt

I fjor fann eg eit nyttig, lite mønster: Korleis konstruere din eigen solhatt.
Last year i found this handy pattern for constructing sunhats.

Solhatt1Solhatt2

Det blei nokre hattar, også i år.
I made some, and some more this year.

Solhatt3Solhatt4
Solhatt5 Solhatt6

Eg passa på å ha dei klare til modellen min ville samarbeide.
I kept them ready for whenever my model was in the mood for a photoshoot.

Solhatt7 Solhatt8

Ho likar ikkje å vere for synleg på nett , og det er jo fornuftig.
She doesn’t wish to appear in her mom’s blog. Sensible, that one.

Solhatt9Solhatt10

Mykje kan tryllast vekk i Photoshop. Det var jo solhattane de skulle få sjå. Likevel får eg litt assosiasjonar til "det usynlige barnet" i Mummidalen. Huff!

Blei dei ikkje fine? Den med flugene er favoritten min. Eg har ikkje gitt opp sommaren enno, så den ligg klar til bruk.

Berre for å ha nemnt det: det er fem hattar, vendbare.

Things like faces can magically disappear in Photoshop. You were supposed to see the sunhats, not a pretty 15-year-old.
Aren’t they pretty? The one with flies on is my favourite.
Just to mention it: these are five hats, all reversible.