mandag 31. oktober 2011

Ein åttiåring

har flytt inn i garasjen.

T

Og eg minnest at eigaren ein gong nemnde noko om at denne skulle han køyre til eige bryllup.

Kanskje skal eg sjekke korleis brurekjolane såg ut den gong i 1930.

Men – kjenner eg eigaren rett, så har han mykje dårlegare minne enn einkvar åttiåring – om akkurat dette.

onsdag 26. oktober 2011

Ferdigstilling

Me kan jo ikkje vere like gode på alt, heller.

No er det den tida igjen. Messetida.

Selskapsveske2

Dei halvferdige produkta frå i fjor på same tid - ja, dei er framleis halvferdige, dei.

Kor mykje tid og krefter skal ein eigentleg legge i ting som blir endevende av andre på leit etter idear, og så slengde ned att med “den der kan eg lage sjølv, heilt gratis”-mina?

Likevel –  det å jobbe med tekstilar gjer meg litt snillare, trur eg. Og så er det jo gøy å vise seg fram.

Gamle laken får eit siste liv inni ting – kanskje kan eg skryte på meg gjenbruk og vere litt tidsriktig –

 

selskapsveske5

 


Eit bestillingsarbeid er også på gang. Førtiårsgåve, visstnok. Snart ferdig.

Det er sjølvsagt når ein driv med slike ting at lysta til å trykke og eksperimentere melder seg som sterkast.

Er det berre meg, eller ?

I verste fall har eg jo maskemarkørar og sjal frå i fjor – ferdig prisa og merkte. Ferdig endevende? Neppe.

søndag 16. oktober 2011

Fotolys

Ein må nytte det medan ein har det. Her kjem fleire foto av syprosjektet mitt:


Dei fyrste er frå same kjolen. Eg overhøyrde ein samtale mellom kollegaen og mannen her ein dag:

“Nei, eg skal på spinning etter jobb, så det må du fikse sjølv!”

mannen måtte tydeleg lage middag sjølv, og klaga sin naud i andre enden, og så kom det :

“Ja, men så får du ei sprek kjerring!”

Det måtte jo få bli med på kjolen, ikkje sant?

 

Test46a

Test46b

Test46c    Test46d

Desse siste er frå min eigen kjole. Teksten er eit Leonardo-sitat som eg har brukt tidlegare. Den “krakelerte” kjøpte eg i Birmingham i haust. Kvadrata er monoprint med ein plexikloss. Alt er trykt på kjøkkenbenken.

I den turkisblå fargen har eg blanda litt puffpaste. Likar effekten.

No går eg og syslar med idear til fleire rammer, for dette var veldig gøy!