mandag 26. mars 2012

Årsmøtehelga i NQF

Det høyrest ganske kjedeleg ut – ikkje sant? Årsmøte er som regel tørre greier der ein kan risikere å bli valt til noko om ein stiller opp.

NQF er noko heilt anna: ei heil helg full av kurs, utstillingar, foredrag, quiltebutikkar, lotteri og ikkje minst: veldig mange quiltedamer. Blide, positive, inspirerande quiltedamer. Det kan nok vere at ein og anna mann også er der – og kanskje også quiltejenter – men stort sett er me vel i kategorien damer. Sjølve årsmøtet tek eit par timar, er heilt frivillig, og kan også vere ganske spennande når dei ulike fløyane går i klinsj.

 

Blå Bergen

 

Eg tok to dagar ferie for å få det meste utav byturen. Ja, for når me her i indre strok snakkar om by’n, så er det ikkje hovudstaden me snakkar om. Det er Bergen som er by’n for oss.

 

Bryggen2

Ny tråd Bergen      Må ha Bergen

 

Ofte når eg går på kurs, så melder eg meg på noko som er litt utanfor komfortsonen. Handsaum er ikkje typisk meg – men kan vere godt å kunne likevel. Ei innføring berre slik for å sjekke om eg er på rett spor, er grei å ha. Litt nye duppedittar vert det jo også på slike kurs. Berre tre stoffbitar vart det denne gongen. Dei vil gli fint inn i handsaumprosjektet eg starta på.

Ny sytråd må testast. Kanskje er den like bra som Aurifil –.

 

Gevinst Bergen

Eg kjøper alltid litt lodd på slike treff. Og jammen vann eg! Boka har eg sikla på på nettet, etter at eg såg dei fine kyrne til Mary Lou Weidman, så dette var midt i blinken. Heldige meg!

Det mest spennande med helga var kanskje quiltebloggerforumet. Eg melde meg på, for dette var eg nysgjerrig på. Eit veldig flott tiltak. Men etter kvart som datoen nærma seg, hadde eg både kalde føter og litt sommarfuglar. Det som starta som ein quilteblogg ser jo ut meir som ein strikke- og fotoblogg for tida. Kanskje er eg ikkje ein “ordentleg” quiltebloggar. Kanskje var det dumt å melde  seg på. Kanskje ville eg bli avslørt som “wannabee quiltebloggar”. Men kor gale kan det eigentleg gå på ein liten halvtime?

Eg angra ikkje  - det var ein super liten halvtime med Merete, Sølvi og ei overraskande stor gruppe damer som visst ikkje var så mykje meir “ordentlege” enn meg. Nokre av dei hadde jo ikkje eingong starta opp enno. Ein ting er sikkert: dette kan bli noko veldig bra, og kanskje kan yngre quiltebloggarar også finne ut at me har eit norsk quilteforbund som er for oss.

Gøy å få vere med på å forme dette vidare.

 

Bryggen1

Bryggen3

Litt fototid med ok lys vart det også. Inspirasjon til noko tekstilt, kanskje.

 

Shopping Bergen

Det som stod øvst på handlelista til denne turen, var slett ikkje quilterelatert, men veldig kjærkome. Skorne er alt tekne i bruk. Toppen var meir som snop å rekne.

Takk for ei fin helg, alle som var der. Eg har fått masse inspirasjon til meir quilting.

onsdag 29. februar 2012

Nytt leiketøy

Midt på åttitalet ein gong reiste ei ung dame med skipssekk og pågangsmot ut i den store verda med ein draum om å bli designer.

Det vart ho – iallefall fekk ho eit papir som sa ho var det.

 

Stripeleik1

 

Dataalderen var på tur inn. Det siste semesteret fekk ho lov til å ta ut heile to fargeutskrifter av eit vevdiagram til opgåva ho skulle levere. Pc’en var sjølvsagt universitetet sin, og ein assistent måtte trykke på knappane for henne. Dei var veldig redde for utstyret sitt på det universitetet, og slapp ikkje kven som helst til med så avanserte greier.

Dette fakultetet hadde si eiga vesle kopieringssjappe der studentane kunne få mangfoldiggjort det dei hadde bruk for i arbeidet med å utvikle sitt eige uttrykk til noko industrien kunne mangfoldiggjere til slutt. Denne var også assisstentstyrt, med knappe opningstider, og utan dei store rabattane. Køane var til tider lange, og den unge dama (alias “the one with the rucksack”) ynskte mang ein gong at ho hadde teke med seg eit spøt i denne køen.

Tenk for ei annleis verd me har fått dei siste åra!

 

Stripeleik2

 

Fredag kjøpte eg eit lite leiketøy over nettet, lasta det ned til pc’en, og var klar til å leike med det same.

Eg nemnde dette leiketøyet til ein (nett)kjenning frå den store spøteleikeplassen Ravelry, og ho tilbaud seg å leike med.

 

Stripeleik3

 

No sit me på kvar vår tue og testar ut det fyrste strikkedesignet mitt på veldig mange år. Me oppdaterer kvarandre etter kvart som ting dukkar opp, og eg legg inn endringane her.

Når alle flokar er greidde ut, alle feil retta, og alt er greit og forståeleg for kven som helst som kan spøte, så kan det bli noko som fleire får del i.

Eg kan jo alltids gjere noko anna for betaling nokre dagar i veka – til dømes stable flasker – så kan eg leike vidare når eg kjem heim.

Er det rart eg er heimekjær?

søndag 12. februar 2012

Vottefeber

Smitten with mittens

Akkurat passe store prosjekt er dei, vottane. Og så har me ein slik skatt å ta av.

Dei gode, gamle som mormor spøtte, med åttebladroser og det heile – og så dei nye, flotte, både norske og utanlandske.

They are the perfect size for a project. And we do have such an abundance to choose from.
The oldies - traditional like the ones grandma knitted, with selbu roses and all – and then the new, wonderful ones, Norwegian and others.

Tordivelvott

Jorid Linvik er ei av dei norske damene som sel sine vottemønstre på nettet. Pusevottane mine kjem derifrå.

Jorid Linvik is one of the Norwegian ladies who sell their patterns on the internet. My kitty mittens are hers.

tordivelvott2

Wenche Roald er ei anna dyktig norsk dame. Eg er i gang med eitt av hennar mønstre. Mamma er i gang med eit anna av dei.

Wenche Roald is another very able Norwegian designer. I am knitting one of her patterns these days. Mother has started on another one of hers.

tordivelvott3

Og så er det Ravelry, då! Eit nettsamfunn med over to millionar strikkegale frå heile verda. Fantastisk inspirerande, og veldig nyttig. Alltid nokon å spørje om råd, bli vener med, sjå i albumane til, lære av feila til, kjøpe mønstre frå – eller strikke noko saman med.

Ein liten sjekk fortel meg at no ligg det 84 versjonar av billevottane der. Pusevottane er det heile 512 av. Jorid har eigen fanklubb på Ravelry – så gøy!

I dag har eg bestemt meg for å bli med på å spøte tolv par vottar i løpet av året.  Meir gøy når ein dokumenterer etter kvart som ein ferdar dei. Veit ikkje om det blir fleire tvillingvottepar på ei stund. Litt greit var det no då, for eg kunne mønsteret så godt på fjerde votten.

And there’s Ravelry! Over two million knitters from all over the world. Whatever you may need, there’s usually someone who can help. I learn from others’mistakes, find inspiration, gain new friends, buy patterns, find great freebies, join groups and knitalongs. It is a knitter’s playground!

Right now I find 84 verions of my bug mittens there. There are 512 kitty ones. Jorid even has her own fan club at Ravelry – how fun is that!

This year i have decided to join the “12 pairs of mittens in 2012” knitalong. Even more fun when documenting as I finish them. I doubt there will be any more twin set in a while – although by mitten number four I knew the pattern by heart.

mitten_button

 

Kanskje blir det eigen design også i løpet av året –.

I might even design my own mittens this year –.