onsdag 21. august 2013

Heile løpet ut

Som tilsett i det statlege alkoholutsalget, er ei av dei kjekkaste oppgåvene mine å gje gode råd om vin til mat. Ekstra kjekt er det på sommaren, for då kjem brudepara.

I ei lita bygd som vår, så kjenner ein av og til desse som skal gifte seg – somme av dei så godt at ein har skifta bleier på dei ein gong i verda – og lese godnatthistorier.

Iallefall: no har eg fått oppleve å gi råd, bestille vinen, servere både mat og vin, smake maten (på kjøkkenet), og høyre tilbakemeldingane på mat og vin saman. Det einaste som mangla, var å få smake mat og vin saman. Det bør ein vel ikkje gjere når ein er amatørservitør - -.

Joardessert

 

Maten stod Joar Søhoel for – og var av det slaget eg kan drøyme om seinare.

mandag 19. august 2013

Smartare

- i alle fall på telefonfronten.

Eg greidde meg lenge med den gamle klapptelefonen, eg – men fekk altså ein smart ein i bursdagsgåve i sommar.

Etter fyrste turen i golvet, fann eg ut at den måtte ha eit “hus”.

 

Mobilhus

 

Akkurat to minutt tok det å skjære ut av ein rest og sy det saman. Og slik ser det ut og!

Tenk at ein quiltar kan gå rundt med noko slikt - -. Men det gjer nytten.

 

Det er mykje å sette seg inn i med dette vidunderet av ein telefon. Det viktigaste er no på plass, og frøkna har hjelpt meg i gang med Wordfeud.

Men som ho seier: “det der var veldig populært for eitt og eit halvt år sidan, det, mamma”.

Kva gjer vel det? Det er no eg kan vere med - og gøy er det. Skulle berre ynskje det fanst ein nynorskversjon.

 

Eg heiter Miranne på Wordfeud også, om du har lyst til å bryne meg.

Mobilhuset får eg kome tilbake til når eg har klekt ut den perfekte løysinga. Kanskje trengst ei hempe – og ei lita lomme til bankkort?

lørdag 13. juli 2013

Eliteppet

Frøkna fekk ein quilt då ho var lita. Stoffa er bomullsstoff frå Stoff og Stil, og vatten er også derifrå. Store ruter er klipte til med saks, og heile greia er vrangsydd før det har fått ein saum rund heile, midt på ytterste ruta. Ellers er det inga quilting. Ho som sydde det var ingen quiltar, berre veldig ivrig med symaskina.

Reparasjon2

Denne quilten har vore med frøkna i bilen, i senga, i sofakroken – overalt – og ber etter kvart preg av det.

Eg har prøvd meg med erstatningar i Fassett-stoff, med flanell bakside og silkevatt inni, fargekoordinerte lekre storblomstra ruter og handquilting. Pøh! Ingenting kan erstatte Eliteppet. Å kassere det fordi det held på å gå i oppløysing er ikkje aktuelt!

Reparasjon

 

Så då set eg meg til symaskina, då, kvar gong skatten har vore vaska. Huff, har du sett – det har visst snike seg inn litt Fassettstoff også.

Håpet er at alle aksjonsquiltane me quiltarar leverer til sjukehus rundt om i landet, blir like kjære for mottakarane som Eliteppet er for frøkna vår.