Quiltelaget fyller 20 år i år.
Samstundes rundar me 100 – quiltar leverte til Haukeland Sykehus sin barneklinikk gjennom BQL sin aksjon.
Bidraga mine i denne omgangen er to quiltar av enklaste slag, men i lekre stoff, synest eg sjølv. Ikkje akkurat yndige – men likevel. Det er noko med dei.
- som den vesle oransje biten lukkekant i alt det blågrøne. Den trengtest akkurat der. Håpar mottakar ser den, og kan glede seg over slikt. Og over fuglar.
Baksidene er i mjuk flanell. Eg knabba Linus til merkelapp, og håpar å styre unna copyright-søksmål. Han er jo som skapt til formålet.
Oppskrift på quiltane?
24 stk 10” stoffbitar, sydde saman seks i høgda og fire i breidda. Då blir toppen snaue 100x150 cm, og passar måla på vatt i str “crib quilt”. Vanleg stoffbreidd passar også til bakstykke. Veldig enkelt, men fint om du har samla fleire stoff med eit tema – eller om du har snopa litt på nettet. Layer cakes har rette måla, om du vil ha ferdige bitar.

3 kommentarer:
-det var så absolutt merkelappen med Linus som fekk meg til å tenke - du får jammen lage ein slik - minn meg på det!
Merkelapp, eller quilt til Haukeland? Kan minne deg på det uansett, eg.
Tusen hjarteleg takk!
Det var kvilten eg tenkte du kunne minne meg på at eg skulle lage - eg har jo alltids godt igangsette prosjekt som kunne vorte avrunda på ein slik måte - 1x1,5 meter grei storleik! og så lenge eg har merkelappar så er det ikkje mykje meir igjen - enn kviltinga!
Trur eg skal ta det etter at Ingrid sitt teppe er ferdig!
Legg inn en kommentar