tirsdag 16. august 2011

Birmingham

- ja, det er ein av byane der det var uroleg nokre dagar. Godt, då, at The National Exhibition Centre ligg godt utanfor byen, like ved flyplassen.

Eg har ikkje samvit til å reise kvart år – så det har vorte annakvart.

Heilt ok å reise aleine så lenge turen går til England. Då eg budde her kjende eg meg alltid som gjest. No, 22 år seinare, er det litt som å kome heim. Fire år ein stad set spor.

Ein av tinga eg saknar, er “half a pint of dry cider” – gjerne utandørs.

 

Det er ikkje så enkelt å skildre festivalen med ord, og i år vart det meir skisser og notatar enn foto. Det er så mykje inspirasjon å hente her!

Heltane er her – både gamle og nye. Ein streifar rundt på måfå i alle bodene, og der sit Kaffe Fassett og signerer bøker – går litt vidare, og der står Heide Stoll Weber og sel eigne stoff.

Linda og Laura Kemshall har rigga ei fantastisk bod, og held eit ledig og leikent foredrag saman.

I The Virtual Studio er Claire Benn og dei andre “grise-og-rote” damene på plass med nye kunster – alt etter innfallsmetoden.

 

Det er også her i området eg treffer norske damer med sans for same tinga som meg sjølv.

Og sjå no om ikkje du kjenner den djupt konsentrerte dama i raudt forkle.

 

 

Notatboka må fram igjen medan stoffet sit – og så må her leggast planar, så ikkje strikkinga tek heilt overhand denne vinteren også.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sikkert masse inspirasjon å hente der, som vanleg.
Men strikking er vel heller ikkje å forakte? ;-)

BenteOO sa...

Eg bør kanskje byrje å legge opp eit Birmingham-fond snart - til 2013 kanskje?
Godt du er heime utan ei skramme!

merete sa...

Ups, - ble visst knipset der, ja. Men det ante meg. Jeg har dratt hjem med like mye inspirasjon og inntrykk og få bilder som beskriver min (private) opplevelse. Foredraget var supert, angrer på at jeg ikke gikk på søndagens "fra visjon til realitet" med fiona 8et-eller-annet). Men en kan ikke få med seg alt. bare glede seg som mest over alt en rekker over!
ps. jeg skal sparke meg bak på den kreative quiltingen, og så får du også gjøre det!

gletting sa...

Hei Marianne, jeg har ikke glemt deg, men denne sommeren har vært tøff. Fint at du kan lage sånne fine vakre tepper. Jeg er helt imponert!
Vi kan godt møtes en dag før jul(!) og se på ting og snakke litt. Vi hadde så trivelig i sommer.