Då er der ofte forventningar til at ein skal ha nye opplegg klare.
I kveld har eg sete og sett gjennom foto frå syhelga me hadde i vinter ein gong.
Somme hadde ferdige Jelly Rolls. Oddbjørg sin var frå French General. Nydelege stoff!
Andre brukte remser av stoff dei hadde. Fint å bli kvitt restar.
Dette skal til Haukeland og tepper til glede – aksjonen.
Nokon er meir systematiske enn andre når dei kombinerer blokkene.
Aud fekk eit svare strev med sine Birmingham-batikkremser, som var slurvete skorne. Me kjøpte like rullar, og eg gruar meg litt til min.
Blokkene me sydde, laga me slik:
Eg har sett ein fin snutt på youtube, og har ein plan – slik i tilfelle nokon ber om innspel.

1 kommentar:
har meir enn nok innspel eg - no!
Legg inn en kommentar