Midt på åttitalet ein gong reiste ei ung dame med skipssekk og pågangsmot ut i den store verda med ein draum om å bli designer.
Det vart ho – iallefall fekk ho eit papir som sa ho var det.
Dataalderen var på tur inn. Det siste semesteret fekk ho lov til å ta ut heile to fargeutskrifter av eit vevdiagram til opgåva ho skulle levere. Pc’en var sjølvsagt universitetet sin, og ein assistent måtte trykke på knappane for henne. Dei var veldig redde for utstyret sitt på det universitetet, og slapp ikkje kven som helst til med så avanserte greier.
Dette fakultetet hadde si eiga vesle kopieringssjappe der studentane kunne få mangfoldiggjort det dei hadde bruk for i arbeidet med å utvikle sitt eige uttrykk til noko industrien kunne mangfoldiggjere til slutt. Denne var også assisstentstyrt, med knappe opningstider, og utan dei store rabattane. Køane var til tider lange, og den unge dama (alias “the one with the rucksack”) ynskte mang ein gong at ho hadde teke med seg eit spøt i denne køen.
Tenk for ei annleis verd me har fått dei siste åra!
Fredag kjøpte eg eit lite leiketøy over nettet, lasta det ned til pc’en, og var klar til å leike med det same.
Eg nemnde dette leiketøyet til ein (nett)kjenning frå den store spøteleikeplassen Ravelry, og ho tilbaud seg å leike med.
No sit me på kvar vår tue og testar ut det fyrste strikkedesignet mitt på veldig mange år. Me oppdaterer kvarandre etter kvart som ting dukkar opp, og eg legg inn endringane her.
Når alle flokar er greidde ut, alle feil retta, og alt er greit og forståeleg for kven som helst som kan spøte, så kan det bli noko som fleire får del i.
Eg kan jo alltids gjere noko anna for betaling nokre dagar i veka – til dømes stable flasker – så kan eg leike vidare når eg kjem heim.
Er det rart eg er heimekjær?

6 kommentarer:
Ja ting har forandra seg, heldigvis mange gonger til det betre. Hugs å ha eit lite strikketøy i veska, det har eg.
Kor har du kjøpt dette design programmet? Det høyrdes litt spennande ut.
Her:
http://intwinedstudio.com/
Fint om du endrar den noreplygreia på profilen din, det går jo ikkje an å svare deg på mail :o)
Trur eg har ordna det no. No må eg inn og sjekke denne linken. Tusen takk.
Smiler breitt, - og ynskjer deg gode leikedagar!
Jeg så votten klar på hobbyboden idag. Kjempefin!
Legg inn en kommentar