onsdag 3. mars 2010

Sko

På vitjing i eit arabisk land der kvinner dekkjer seg veldig til, gjer ein seg nokre tankar.

Ein undrar seg på kva som finst innanfor dei side serkane som sleper bakken. Så får ein eit glimt:

Trange jeans og pumps? Eg hadde sett for meg praktiske sandaler.

Vel – eg fann iallefall sko som passa meg og mine gevantar:

Lilla sko

Og så prøvde eg nokre som gjorde mannen underleg drøymande i blikket:

Høge svarte

Dei blei også med heim.

mandag 1. mars 2010

Åttebladroser på tur

Arbeidet har vakse siste veka:

Stolpen midt framme tel 13 roser, og no er eg godt i gang med halslinninga.

 

På tur med åttebladroser som følgje, vert ein litt ekstra merksam på denne forma. Ho er nok ikkje så særnorsk som me likar å tru. Lærdal husflidslag har forresten åttebladroser som gjennomgangstema i jubileumsåret. Ein god idé. Dei rosene skal også ut på langtur til sydlegare strøk etter kvart.

Desse fann eg på eit skrin på Sharq.

Me kjende oss litt som i 1001 natt der.

Men også litt som heime:

Putene har mykje åklevev over seg, ikkje sant? Nesten som nikrossen i sogneåkle.

Neste rosa var i eit heilt anna format:

Me fann henne som blikkfang ved kafeen på Museum of Islamic Art i Doha.

 

Den siste fann me i handlesenteret Villaggio, i ein golvmosaikk:

 

Fjortisen og eg var der i timevis, og fann mykje bra både å kjøpe og “windowshoppe”.

Beste kjøpa gjorde eg ein heilt annan stad – men det får bli eit eige innlegg. Stikkordet er silke.

fredag 12. februar 2010

Sju roser

Det går framover – men ikkje så fort som eg hadde håpt.

There is progress - but not at the speed I was hoping for.

sju roser i februar

Hm – tru om det går an å utsette konfirmasjonsdagen?

Eg får heller satse på sprengjobbing i vinterferien. Då skal eg og konfirmanten vere luksusdyr på Marriott hotell i Doha, medan mannen må slave på jobben sin der.

Kor mykje og kor tildekka klede skal ein velje, tru?

Konfirmanten sine hotpants blir iallefall heime, det skal mor syte for.

 

Hm – wonder if Confirmation Day can be postponed –.

I will have to make an effort during the Winter break. Daughter and I are spending a week in luxury at Doha Marriott while the man is slaving away at his work there.

How much clothes to bring – and how covered up, I wonder?

I am making very sure that my daughter’s hotpants are staying here.