Arbeidet har vakse siste veka:

Stolpen midt framme tel 13 roser, og no er eg godt i gang med halslinninga.
På tur med åttebladroser som følgje, vert ein litt ekstra merksam på denne forma. Ho er nok ikkje så særnorsk som me likar å tru. Lærdal husflidslag har forresten åttebladroser som gjennomgangstema i jubileumsåret. Ein god idé. Dei rosene skal også ut på langtur til sydlegare strøk etter kvart.
Desse fann eg på eit skrin på Sharq.
Me kjende oss litt som i 1001 natt der.
Men også litt som heime:
Putene har mykje åklevev over seg, ikkje sant? Nesten som nikrossen i sogneåkle.
Neste rosa var i eit heilt anna format:
Me fann henne som blikkfang ved kafeen på Museum of Islamic Art i Doha.
Den siste fann me i handlesenteret Villaggio, i ein golvmosaikk:
Fjortisen og eg var der i timevis, og fann mykje bra både å kjøpe og “windowshoppe”.
Beste kjøpa gjorde eg ein heilt annan stad – men det får bli eit eige innlegg. Stikkordet er silke.