mandag 20. september 2010

Perhaps

- I should reconsider blogging in Norwegian.

I had a peek at my statistics yesterday – and found that 90% of the traffic was from Australia. I think I know who sent these visitors my way, as Margaret mentioned me in her blog a week ago.

This little beauty arrived from her last week:

Siggy Margaret

Siggyswapping and blogging are such wonderful ways of getting in touch with people across borders and ages – people who share your hobbies.  And the communities – I love the Internet. But then, not much gets done when you spend hours by the computer.

Today it seems traffic is back to fellow countrymen. I will keep an eye on it, though.

torsdag 16. september 2010

Omvendt mystery

Mystery er veldig gøy, men omvendt mystery er minst like gøy for meg.
Altså: syr du mystery, så syr du etter andre sine instruksar, og veit ikkje kva resultatet blir før til slutt. Ein del av moroa er å løyse gåta før løysinga blir publisert. Slik som med kryssord.
Bonnie-layout på høgkant
Så har du det omvendte: du ser eit bilde av eit flott prosjekt, og skjønnar at det finst ein smart måte å sy dette på – som med disappearing ninepatch.
Du grublar og teiknar, måler og reknar, og kanskje løyser du det. Slik var det då Valori Wells kom med boka “Radiant New York Beauties”. Eg hadde sett eit foto av ei blokk før boka var ute, og fekk ikkje fred før eg hadde løysinga. Så kjøpte eg boka for å sjekke fasiten!
No heitte utfordringa mi Bento Box – iallefall heiter  visst mønsteret det. Men eg treng ikkje fasiten denne gongen. Eg har funne ein smart måte – som passar akkurat til 2,5” remser:

Sett saman to og to remser med god kontrast. Småmønstra blir best. Legg dei to remsene i settet oppå kvarandre, med midtbretten på plass, og skjær av 6,5” i enden der opninga er (jarekantane var).
Du får fire bitar på 2,5” x 6,5”.
Bento 1
Resten av dei to remsene syr du saman på langs, standard 1/4” saumrom. Press, åpne, og press igjen.
Skjær slik av denne remsa: 4stk på 2,5”
Bento 2
og fire stk på 4,5”. Ser du kor fint dei vil passe saman?
Bento 3
Sy saumen mellom dei.
Bento 4
- så vil den siste biten også passe.
Bento blokk
Slik ser blokka ut – nesten som 1/4 log cabin blokk. Du får to slike, og to med motsette fargar, av to remser i heil breidde. Og så får du brukt opp heile remser.
Bento 7
Når du har mange nok, kan du leike med layout. Eg kunne med fordel hatt større lys/mørk kontrast i nokre blokker, ser eg.
Bento 6
Og det går fort, for du syr jo ikkje ei og ei blokk, men fresar mange etter kvarandre i serie mellom turane til strykebrettet.
Stoffa er ein Jelly Roll i serien Clementine, designa av “Me and my Sister”.
Og namnet?
Bento box
Slik ser ein bentobox ut – bildet er lånt frå ein norsk forhandlar.

Lokkis

Etter dei vel er konfirmerte, får fjortisane gå på lokkis. Altså lokalfest. Stusslege greier, men dei veit jo ikkje korleis det var då mor var ung. Ikkje akkurat Veslefrikk som kjem og spelar live for desse, nei. Ikkje noko liv(e) i det heile.
Men pynting er viktig – meir no enn i mi tid. Her om dagen vart det meldt inn behov for nytt antrekk til haustens fyrste lokkis. “Det eg har, er for pynta. Eg treng noko som ikkje er så fint.”
Det har vorte viktig å ha noko som ingen andre har. Og ettersom fjortisen har oppdaga kva “high waist” gjer med figuren, så kan mor godt prøve å sy noko passande.
Skjørtesaum1
Gamle sypermar vert henta fram, og ei gamal gardin vert ofra. Me prøvesyr, finjusterer mønsteret, og går i gang.
Skjørtesaum3
Fórstoffet er sateng frå den gong stoffbutikken i bygda la ned drifta for omlag 20 år sidan. Ullstoffet er ein rest eg fann i ei korg i Oslo for omlag 10 år sidan. Kvalitet er verdt å ta vare på.
Skjørtesaum2
Ein passande glidelås hadde eg også på lur. No er me ganske nær noko lekkert til helga.
Kanskje skal eg også våge meg på ein liten svart sak til meg, slik som Merete gjorde.
Eller kanskje skulle ein prøve seg på å teikne ein LBD berre for gøy.
Det beste er nok å fortsette skjørtegaleien. Eg har noko svart grov cordfløyel liggande på modning også. Og så har eg jo litt silke.