onsdag 1. desember 2010

Advent

Ja ja – så vart eg for sein. Fotograferinga var gjort, baksten er komen i frysaren – og så vart eg for sein med blogginga. Hanne og May Britt har alt trekt vinnarane av bakstekledemønstera sine. Æææææsj!

Eg kan no blogge det likevel, eg:

Baksteklede

Eg er så heldig at mamma har same interesse som meg. Då eg viste henne Jorid sine fine stitcherymønstre, så draup det eit baksteklede på meg også. Ho plukka nok det mønsteret som passar best til meg.

Bakst Bakst2

Dagens bakst var grove rundstykke til nistemat. Her er både ein dæsj heil kveite, solsikkefrø, sesamfrø og linfrø, havrekli og sammalt rug – på ein slump.

Eg har fått meir fint av mamma:

Adventsstjerner Adventsstjerner2

Adventsløparar, og ein applikert kalender:

Kalender

Her i huset er det ikkje jul enno, nemleg. Det er advent, og me ventar. Her slepp ikkje ein nisse fram før siste helga oppunder jul.

Her er lilla lys, lilla løparar, og ikkje ei julestjerne i sikte. Ingen blinkande nissar på ytterveggen, ingen diodelys på verandarekkverk, og ingen julekalender. Adventskalender, derimot – det har me. Mamma har laga den også.

Engleløpar Engleløpar3

Engleløpar2

Litt englar kan til naud få sleppe fram. Denne løparen er trykt av den mest eventyrlystne av damene i husflidslaget. Eg har brodert litt gullstjerner, og fresa rundt nokre gonger med lilla tråd.

Er den ikkje sjarmerande?

tirsdag 23. november 2010

Startesjuke

Det blir slik når ein driv og registrerer garnet sitt. Eg fotograferer, legg inn som stash på Ravelry, og legg lause planar. Det gjorde eg nok då eg kjøpte garnet også. Noko av det har venta ei stund, og planar endrar seg.

It is just the way it goes when you register your yarn. You take photos, enter it as stash over at ravelry, and make rough plans for it. I also did when I bought it. Some of it has been on hold for a while, and plans change.


hit-og-dit

Det svarte garnet her er ein rest etter ein gensar eg strikka på slutten av 80-talet. Då var eg student, og langt heimefrå. Det var grusomt mykje stygt syntetisk garn der og då. Dette her er ein blanding av lamull, angora og litt nylon. Effektgarnet er nyare, men manglar magebelte no. Hmm.
Inne i ein huvestim som eg er, har eg lagt opp til ei hit-og-dit huve etter Tant Kofta sin ide. Ho kjem visst med eit mønsterhefte etter kvart. Det gledar eg meg til. Førebels får me “ta det på hælen”, som mannen seier. Eg har ein plan.  Ein flott knapp er også med. 
 

The black yarn has been sitting on my shelf since the late 8o’s. I was a student then, and a long way from home.The other one is a more recent buy, but has no label any more. Hmm.
I am in hat mode these days, and have just started a here-and-there hat like Tant Kofta makes hers. She is working on a folder. I am looking forwards to that. She writes excellent directions followed by great photos – in Swedish.
For now I am improvosing mine. I have a plan. It involves a button.


Stash beige Baby SilkStash beige Fin


No som eg har vore og handla meir godsaker – med perler til – så kan eg jo starte opp nokre fleire med det same.

Now that I have added to my supplies – beads too – I feel a spell of “startitis” coming.

Stash blue handpainted  Fin DSAStash violet Baby Silk

 

Avslutte? Ferdigstille?   Finishes? Completion?

Stash pale blue handpainted FaerytaleStash svart Drops Kid-Silk

– ein annan dag.   - some other day.

mandag 22. november 2010

Dei søte små

Maskemarkørane er komne til Lærdal, og skal freiste tilværet der nokre messedagar før jul. Det har sine fordeler å vere multimedlem i husflidslaga.

Kvarts rutil maskemark rosenkvarts Røykkvarts

Det vart siste turen med kompisen før vinteren, då eg leverte dei. Kjølig, men flott tur.

Eg har ikkje heilt klart å sleppe dette med perler, og gjekk til innkjøp av perler til strikking på laurdag. Desse har store hól, slik at det skal gå an å træ dei på garnet. Det finst mykje flott på Ravelry – eg er i tenkeboksen enno. No er dei iallefall i hus.

Så var eg innom ein snartur i Lærdal sist fredag, og leverte nokre hovudplagg. Det er heilt annleis å lage chemo caps når du kjenner mottakar.

Alpakkalue

Easy cap frå Debonnaire i litt omarbeidd versjon er under arbeid her. Alpakka luner så godt.

Kalott

Ein liten kalott som står godt til nydelege blå auge.

Og så vart det ein tjukk, god fleecehatt til utebruk. Hattesaum er gøy!