Ikkje med julestria, men med dette:
Og ettersom me har så mykje fin snø, blir det lysare rundt oss.
Hmm – ser ut som eg kunne ha stramma den lukkekanten litt.
Når quilten kjem i bruk, vil lukkekanten mjukne og roe seg ned litt.
Er glad i effekten av stripete lukkekant.
Eg har “quickie quilta” denne – med dokkenål og heklegarn. Ei god erfaring. Det gjekk ganske raskt, og quilten blir mjukare på denne måten.
Tidlegare i haust viste eg korleis eg sydde blokkene – og over nyåret tek me ein gjennomgang i quiltelaget. Veldig grei blokk å sy, og eg likar uttrykket.
Jelly Rolls handlar eg ofte frå det gode utvalet til Fat Quarter Shop.
fredag 17. desember 2010
Ferdig!
Snø
Me har den som regel ikkje så lenge, her på vestsida av fjella. Ikkje kuldegradene, heller.
I fjor var det veldig kaldt, og det teiknar slik i år også. Skikkeleg vinter!
We don’t usually get to keep the snow for long, this side of the mountains. Not the temperatures, either. Last year was freezing, and it seems this winter will be chilly, too.
Another proper winter!
Heldig er den som har ein ihuga vedhoggar i familien. Me frys ikkje her i huset.
My dad provides the firewood. Lucky, aren’t we?
I dag var det akkurat passe å ta ein snørens:
Today was a perfect day for snow cleaning our carpet:
Luven ned i snøen, bank med snøskuffa, og lat ligge ei stund. Det verste var å få mannen til å banke ut att snøen, og få inn att “dyret”.
Tuft facing the snow, beat it with the snow shovel, and leave it there for a while. The worst part was getting the man of the house to beat the snow out of it – and drag the beast back inside.
onsdag 1. desember 2010
Advent
Ja ja – så vart eg for sein. Fotograferinga var gjort, baksten er komen i frysaren – og så vart eg for sein med blogginga. Hanne og May Britt har alt trekt vinnarane av bakstekledemønstera sine. Æææææsj!
Eg kan no blogge det likevel, eg:
Eg er så heldig at mamma har same interesse som meg. Då eg viste henne Jorid sine fine stitcherymønstre, så draup det eit baksteklede på meg også. Ho plukka nok det mønsteret som passar best til meg.
Dagens bakst var grove rundstykke til nistemat. Her er både ein dæsj heil kveite, solsikkefrø, sesamfrø og linfrø, havrekli og sammalt rug – på ein slump.
Eg har fått meir fint av mamma:
Adventsløparar, og ein applikert kalender:
Her i huset er det ikkje jul enno, nemleg. Det er advent, og me ventar. Her slepp ikkje ein nisse fram før siste helga oppunder jul.
Her er lilla lys, lilla løparar, og ikkje ei julestjerne i sikte. Ingen blinkande nissar på ytterveggen, ingen diodelys på verandarekkverk, og ingen julekalender. Adventskalender, derimot – det har me. Mamma har laga den også.
Litt englar kan til naud få sleppe fram. Denne løparen er trykt av den mest eventyrlystne av damene i husflidslaget. Eg har brodert litt gullstjerner, og fresa rundt nokre gonger med lilla tråd.
Er den ikkje sjarmerande?
