mandag 12. september 2011

Husflidens dag

var sist laurdag. Me sette oss på torget, ein gjeng damer, og synte oss fram litt. Spøt var tema i år, og det passa oss jo godt.

Nei, me gløymde heilt å fotografere den dagen. Men eg kom i tankar om at eg har nokre sjal liggande – som kan vere fine å blogge.

Eg er i gang med eit nytt Multnomah-sjal, men det er ikkje mykje å syne fram enno. Opprekk av mohair er lite gøy.

 

I dag har vesparypa vore fotograf istadenfor modell:

Dette vart ferdig i vinter ein gong, og er min fyrste Multnomah.

 

Speilrefleksen var på cross-fotografering, så her er det Powershot-foto. Heilt ok, men ikkje akkurat magiske.

Garnet er Evilla 8/1. Det blir mange sjal av ei hespe.

 

Yndlingssjalet er av same garnet, men ein annan farge. Evelyn Clarke sitt “Flower Basket Shawl” er eit litt meir utfordrande sjal å spøte.

 

I fjor på Lærdalsmarknaden, så stod ei eldre dame bak meg og saumfor sjalet med både auge og fingrar. Eg tok det som eit kompliment.

Er det ikkje fine fargeskift i dette garnet?

lørdag 27. august 2011

Auge for detaljar

Mamma er slik at ho finn alt som ikkje stemmer.

Eg hadde strikka og montert ferdig Per Spook-gensaren hausten 1984, og hadde den sjølvsagt med heim for å syne den fram då eg tok ein tur heim frå Bergen.
Stolt som ein hane var eg, for dette hadde eg fiksa heilt sjølv, med nyinnkjøpt brukt Husqvarna-maskin.

“Der manglar det ein omgang”, sa mamma då ho hadde fått sett to sekund på vidunderet. Etter det så såg eg berre den manglande omgangen kvar gong eg tok på gensaren.

Jaudå, litt ros vanka det då også.

No er det slik at eg har arva denne eigenskapen. Av og til er den fin å ha, som når eg ser i grøftekantane etter firkløver:

heldiggris

Finn eg ein, så finn eg oftast fleire på same rota.

Er eg no tre gonger lukkeleg i dag, tru?

søndag 21. august 2011

Haust i quiltelaget

Då er der ofte forventningar  til at ein skal ha nye opplegg klare.

I kveld har eg sete og sett gjennom foto frå syhelga me hadde i vinter ein gong.

 

Somme hadde ferdige Jelly Rolls. Oddbjørg sin var frå French General. Nydelege stoff!

 

Andre brukte remser av stoff dei hadde. Fint å bli kvitt restar.

 

Dette skal til Haukeland og tepper til glede – aksjonen.

 

Nokon er meir systematiske enn andre når dei kombinerer blokkene.

 

Aud fekk eit svare strev med sine Birmingham-batikkremser, som var slurvete skorne. Me kjøpte like rullar, og eg gruar meg litt til min.

Blokkene me sydde, laga me slik:

 

Eg har sett ein fin snutt på youtube, og har ein plan – slik i tilfelle nokon ber om innspel.