søndag 28. mars 2010

Det knoppar seg

I hagen stolar eg på at det går av seg sjølv no som snøen er vekke.

rabarbraknopp

Rabarbraen er i rute.

Magnolia

Magnoliaen var nykomar i fjor sommar. Det ser ut som den har klart vinteren vår.

 Tulipan

Souveniren frå dei mange timane på Schiphol etter Festival of Quilts i fjor haust blir veldig spennande.

Men det einaste som er viktig akkurat no, er at picot’ane knoppar seg.

Stolpe og linning nesten klare

Stolpe og halslinning er ferdig “knoppa”, no står berre ermelinningane att.

Mamma har meir enn godkjent arbeidet, så då kan eg vere godt nøgd.

I går gjekk  dagen til å levere konfirmanten på flyplassen, litt handling i nabobygda, feiring av ei 85 år gamal tante – og vipps så var kvelden der. I dag er det nye timar til arbeid.

Eg skulle visst ha avslutta halslinninga med halve roser på begge sider – men det vil eg ikkje. Bunadpolitiet får heller kome og yppe seg – om dei torer. Då reknar eg med dei er forskriftsmessig ikledde passande hovudplagg!

3 kommentarer:

BenteOO sa...

du gjer verda vakrare - vårteikna var vakre - alle - inkludert dei som skal pryde konfirmanten! -

Sølvis blog sa...

WOW - no lede du klart. Ute her har vi minst 1/2 meter snø overalt enda, og på bunadsskjortefronten har jeg igjen noen "knopper" og attersting på ermelinningene, og halsen, og på sistnevnte har jeg vel igjen ca 6 blomster og diverse blader også. Men påskeferien en laaang enda, er den ikke? Teppet til konfirmanten har fått sine timer og dag og i går, så der er jeg nesten klar for å sende det til kvilting. Fortsatt God Påske

Nina Lise@Mrs Moen sa...

Takk for hyggelig bursdagshilsen!
Fantastiske vårbilder!